Kommunalt råd for funksjonshemma er eit rådgjevande organ for kommunen. Rådet skal ha til handsaming saker som vedkjem funksjonshemma i kommunen og sjølv ta opp slike saker.
Rådet har 3 medlemmer, alle politisk valde. Rådet er valt for perioden 2007-2011.
Rådet har hatt følgjande medlemmer i 2009:
Wenche Akselsen (leiar)
Paul Birger Tysnes
Kjell Lidvar Strømmen
Sekretær for rådet har vore Synnøve Vasstrand Synnes.
Det er halde møte ca ein gong i månaden, og følgjande saker vart handsama i 2009:
- ny organisering støttekontaktordninga i Skodje kommune
- tilgjenge og tilrettelegging for funksjonshemma - synfaring på alle offentlege bygg og publikumsbygg med fokus på parkeringsforhold og universell utforming
- etablering av NAV-kontor - planskisse for kontorlokala
- planar for ny idretts- og kulturhall i Skodje
- planar for ombygging av dagsenteret på Prestemarka
- oppføring av omsorgsbustader på Prestemarka
- renovasjonsordninga i Skodje kommune
- orientering om planar for drift og utvikling ved Prestemarka bu- og dagtilbod
- godtgjersle for ulike typar oppdrag i Skodje kommune
Rådet for funksjonshemma har hatt fokus på å involvere breitt med tanke på samarbeid om å betre forholda for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet har difor brukt mykje tid på synfaringar og møte med eigarar av/ansvarlege for offentlege bygg og publikumsbygg med tanke på krava til universell utforming. Vidare har ein hatt møte med ordførar for å orientere den politiske leiinga i kommunen om arbeidet i Rådet for funksjonshemma.
Medlemmer i Rådet for funksjonshemma har delteke på Møre og Romsdal fylke sin konferanse for kommunale råd for funksjonshemma, med temaet "Vil nye lover og NAV-reformen åpne nye dører?" i februar 2009.
Medlemmene har vidare delteke på dagskurs med tema "Praktisk arbeid i Råd for menneske med nedsatt funksjonsevne".