Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
Vervarsel for Skodje
Kart i Skodje kommune
Hovedmeny >> Framsida
Fin folketalsutvikling i Skodje

Folketalet auka med 43 personar i Skodje kommune i 2009. Dette tilsvarer ein vekst på 1,1 %. Pr. 01.01.2010 har kommunen 3944 innbyggarar.

Publisert av Synnøve V. Synnes. Sist endra 23.02.2010

Folketalet i Møre og Romsdal auka i 2009 med rekordhøge 2 535  og vi var 1. jan 251 262 innbyggarar i fylket. Dette er den sterkaste veksten sidan tidleg på 50-talet. Hovudårsaka er nettoinnflytting frå utlandet, som i 2009 var på 2486  personar.   

Fødselsoverskotet på 671 er ein lite auke i høve til dei to siste åra. Også i 2009 registrerer vi ein negativ nettoinnanlandsk flytting i fylket, med eit folketap på 629. 

Folketalsveksten på landsbasis var i fjor på 1,2 %, mot fylket sine 1,0 %. Sjølv om veksten her i fylket er svakare enn i resten av landet er vi no nærare landsgjennomsnittet enn på svært lenge. Medan vi tidleg på 2000-talet låg på 14. plass i vekstrate av fylka i landet, kom vi i 2009 på ein 10. plass. Veksten er klart sterkast på Sunnmøre, med Ulstein og Ålesund som motorar i utviklinga. 

Folketalsveksten i 2009 kan i sum samanliknast med utviklinga på 1950-talet, men har heilt andre forklaringar. På 1950-talet var det fødselsoverskotet på om lag 2 600 årleg, som var forklaringa bak den sterke folketalsutviklinga i fylket. I 2009 var fødselsoverskotet i Møre og Romsdal 671, og det var altså nettoinnflytting frå utlandet som gav den positive utviklinga i folketalet. I fjor var nettoinnflytting frå utlandet til Møre og Romsdal 25 % høgare enn landsgjennomsnittet, og  det var berre Oslo og Sogn og Fjordane som kunne vise til høgare tal av dei andre fylka. 

Medan folkeveksten for 50 år sidan kunne forklarast ved høge fødselsoverskot, ser vi at tilsvarande forklaring no er nettoinnflytting frå utlandet. Med dagens befolkningsstruktur er vi her i fylket heilt avhengige av høg nettoinnflytting om vi skal halde den gode folketalsveksten vi har sett dei seinare åra ved lag.  
Kontaktinformasjon
_
_
Skodje kommune
6260 Skodje
 
 
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
 
 
Telefon : 70 24 40 00
Faks : 70 24 40 01
Kommunenr. : 1529
_
Opningstid : 09.00-15.00
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Skriftstørrelse
a - a - a
Fosterheimstenesta Sunnmøre
Information in english
Bilete for dagen
Flittig bie på pollenjakt
Bie på blomst
Levert av ACOS AS