Kva skjer?
mars 2010
tyontofrla
22232425262728
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Komande hendingar
Vervarsel for Skodje
Kart i Skodje kommune
Hovedmeny >> Framsida
Velkommen til Skodje kommune si heimeside

Målsettinga vår er at heimesida skal vere ein nyttig informasjonskanal for innbyggjarane og andre som vil vite meir om Skodje. 

Vi har fokus på aktuelle saker, i tillegg til tenester og informasjon frå kommunen. I høgre og venstre skjermbilete finn du lenke til kommunal og offentleg informasjon og tenester.

Vi oppfordrar deg til å nytte sida vår. Lykke til!

Nyheter
Informasjon Publisert 09.03.2010
Ordførar Modolf Hareide

Tirsdag 9. mars vart det halde kranseskål i samband med at taket på det nye kultur- og idrettsbygget no er tett.

Informasjon Publisert 08.03.2010

Søknad om plass i skulefritidsordningane i Skodje kommune for elevar ved 1. - 4. trinn, vert å sende til Skodje kommune, servicekontoret, 6260 Skodje.

SFO-plass vert tildelt for eitt skuleår om gongen. Det må difor sendast ny søknad kvart år.

Søknadsskjema (pdf)

Søknadsskjema kan du òg få ved servicekontoret på rådhuset, og på skulane.

Søknadsfrist: 1. april 2010.

Informasjon Publisert 02.03.2010

Kulturmidlar og kulturfond er tilskot Skodje kommune etter søknad gir til frivillege lag og organisasjonar som driv kulturarbeid i kommunen.

Kulturmidlar
Kultur- og haldningsskapande arbeid for barn og unge skal prioriterast.

Kulturfond
Midlane skal brukast til heil- eller delfinansiering av materiell/utstyr/hjelpemidlar.

Søknadsskjema og utfyllande statuttar for tildeling av kulturmidlar og kulturfond finn de på Skodje kommune si heimeside, under Kultur og idrett.

Søknadsfrist er 1. april.

 

Informasjon Publisert 01.03.2010
bilde_029_small.jpg

Er du over 18 år, glad i fysisk aktivitet og liker å jobbe med mennesker? Da kan du bli treningskontakt!

23-25 april arrangeres det kurs i Skodje, for alle som ønsker å være treningskontakter. Kurset er gratis!

Informasjon Publisert 01.03.2010
1010835_applause.jpeg

Einingsleiar er Magne P. Fylling. Tittelen på stillinga er kultursjef.

Fram til kulturhuset står ferdig i august 2010, har kultursjefen kontor ved Skodje barneskule.

Telefon: 70 24 48 73 /483 00 559

E-post: magne.fylling@skodje.kommune.no

Postadresse
Skodje kommune
Kulturavdelinga
Rådhuset
6260 Skodje

Informasjon Publisert 01.03.2010

Kommunestyret i Skodje vedtok i møte 27.10.09, sak 56/09 endring av §5  i "Retningsliner for oppbevaring og innsamling av avfall i Skodje kommune" .

Saksdokumenta vil vere tilgjengeleg på servicekontoret i Skodje rådhus, i perioden frå 01.03.10 til 26.04.10

Eventuell merknad vert å sende Skodje kommune , 6260 Skodje innan 26. april 2010.


Her finn du reviderte "Retningsliner for oppbevaring og innsamling av avfall i Skodje kommune"

Informasjon Publisert 25.02.2010
I hengekøya

Søknadsfrist for opptak i barnehagane for barnehageåret 2010/2011 er sett til 1. mars

Kommunale og private barnehagar har samordna opptak

Informasjon og søknadsskjema

Informasjon Publisert 23.02.2010

Folketalet auka med 43 personar i Skodje kommune i 2009. Dette tilsvarer ein vekst på 1,1 %. Pr. 01.01.2010 har kommunen 3944 innbyggarar.

Informasjon Publisert 23.02.2010
Vigrakonferansen 2010

Vigrakonferansen 2010 er ein viktig konferansen for alle som er opptatt av regional utvikling, næringsutvikling og samferdselsutvikling på Sunnmøre. Kommunane har difor alltid vore godt representert på denne konferanse.

Vigrakonferansen vert i år arrangert onsdag 10. mars frå kl. 09.00 på Rica Parken Hotell i Ålesund.

Program:
- Korleis skal SAS vinne kampen om kundane på Vigra?
- To daglege avgangar Vigra - København. Suksess eller fiasko?
- Når vert Norwegian størst på Ålesund - Oslo?
- Avinor som passiv infrastruktureigar eller regional utviklingsaktør?
- Riga - the new gateway to the world for Sunnmøre
- Korleis betre tilbringartenesta til og frå Vigra?
- Konkurransen mellom flyselskap og lufthavnene i fylket

Påmelding innan 8. mars til www.aalesund-chamber.no. Prisen er kr. 400.- inkl. lunsj og kaffe.

Programmet til konferansen finn du her.

Informasjon Publisert 17.02.2010
Logo Kompetansesenter for rus i Midtnorge

Skodje kommune har inngått ein avtale med Kompetansesenteret for Rus i Midtnorge og kommunane Norddal, Stordal og Ørskog om prosjektet "Dugnad". Det inneber eit tett samarbeid i arbeidet med å førebyggje skadeleg rusbruk blant innbyggjarane.

Kontaktinformasjon
_
_
Skodje kommune
6260 Skodje
 
 
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
 
 
Telefon : 70 24 40 00
Faks : 70 24 40 01
Kommunenr. : 1529
_
Opningstid : 09.00-15.00
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Skriftstørrelse
a - a - a
Fosterheimstenesta Sunnmøre
Information in english
Bilete for dagen
Passar åkeren dag og natt
Fugleskremsel
Levert av ACOS AS