Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
Vervarsel for Skodje
Kart i Skodje kommune
Hovedmeny >> Framsida
Informasjon Publisert 23.02.2010

Folketalet auka med 43 personar i Skodje kommune i 2009. Dette tilsvarer ein vekst på 1,1 %. Pr. 01.01.2010 har kommunen 3944 innbyggarar.

Informasjon Publisert 17.02.2010
Logo Kompetansesenter for rus i Midtnorge

Skodje kommune har inngått ein avtale med Kompetansesenteret for Rus i Midtnorge og kommunane Norddal, Stordal og Ørskog om prosjektet "Dugnad". Det inneber eit tett samarbeid i arbeidet med å førebyggje skadeleg rusbruk blant innbyggjarane.

Informasjon Publisert 15.02.2010
Ei hjelpande hand...

Lov om råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne § 1:

Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne.

Kommunalt råd for funksjonshemma skal vere eit rådgjevande organ for kommunen, statlege etatar på kommunalt nivå og andre offentlege instansar og institusjonar.

Informasjon Publisert 12.02.2010
Snølast(2)

Torsdag 11.02.2010 målte teknisk avdeling snøtyngda på flatt tak i Skodje sentrum. Vekta vart då målt til 320 kg/m2.

Vi anbefalar innbyggarane å vurdere snøbelastninga på eiga bygningsmasse.

Sjå elles kva Statens Byggtekniske etat seier om snølast.

 

Informasjon Publisert 10.02.2010
Oppvekstsenteret på Stette

Skodje kommunestyre har i samband med handsaming av økonomiplan for perioden 2010-2013 vedteke at det skal byggast nytt skulebygg på Valle og nytt barnehagebygg på Stette.

Informasjon Publisert 04.02.2010
Fylkesmann Lodve Solholm besøkte Skodje kommune 03.02.10 saman med ass. fylkesmann Kjeld Brecke.

Onsdag 3. februar var fylkesmann Lodve Solholm på bsøk i Skodje kommune saman med ass. fylkesmann Kjeld Brecke. Den nye fylkesmannen gjennomfører i desse dagar ei besøksrunde til alle kommunane i fylket, og no var turen komen til Skodje. Målsetjinga med besøket var å bli betre kjende med kvarandre, slik at vi gjennom dialog kan gjere tenestene til innbyggarane i kommunen endå betre!

Informasjon Publisert 21.01.2010
Autopass, takster og info

Aktiviteten i frivillege lag og organisasjonar er viktig for å ha gode lokalsamfunn.

I samband med innviing av ny kultur- og idrettshall og storslått kulturveke 23.-31. okt 2010 ønsker vi å kome i kontakt med flest mogleg frivillege lag og organisasjonar i kommunen vår.

Vi vil synleggjere kven alle er for innbyggarane i kommunen, løfte fram aktivitet og på den måten vise at eldsjelene blir sett pris på.

Informasjon Publisert 21.01.2010
collage.jpg

Skodje kommune er mellom dei 10 beste kommunane i landet i ein grundig test Forbrukerrådet har gjort av service- og kunnskapsnivået.  

Les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/1.6955556  

Skodje kommune har bevisst satsa på tilgjengelegheit for publikum, og at publikum skal få gode svar når dei henvender seg til oss.

Informasjon Publisert 07.12.2009

Malin Piegsa er frå 1. november tilsett i 50 % stilling som folkehelsekoordinator. Fram til Skodje kultur- og idrettsanlegg er ferdig neste sommar, skal ho ha kontor på rådhuset.

Skodje kommune har inngått ein partnarskapsavtale med Møre og Romsdal fylke, i "God Helse"-programmet. "God Helse" er namnet på fylket si satsing for å betre helsa til innbyggjarane. Gjennom eit positivt, langsiktig og heilskapleg førebyggjingsarbeid, er målet å skape gode lokalsamfunn og god livskvalitet.

Informasjon Publisert 23.11.2009
Hand i hand

Visjonen i kommuneplanen er:

SKODJE KOMMUNE - DEN GODE BUKOMMUNEN MED MANGFALD, UTFORDRINGAR OG TRIVSEL

Kontaktinformasjon
_
_
Skodje kommune
6260 Skodje
 
 
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
 
 
Telefon : 70 24 40 00
Faks : 70 24 40 01
Kommunenr. : 1529
_
Opningstid : 09.00-15.00
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Skriftstørrelse
a - a - a
Fosterheimstenesta Sunnmøre
Information in english
Bilete for dagen
Sommar, båt og glade barn
Sommar, sol og sjø
Fotograf: Ann Iren S. Johnsen
Levert av ACOS AS