Skodje kommune har sidan 2003 vore organisert i ein "flat struktur", dvs. med sjølvstendige resultateiningar som rapporterer til rådmannen. Rådmannen er øverste administrative leiar, og har ein stab rundt seg som utfører ein del fellestenester for alle einingane.
Pr. september 2009 har vi desse einingane:
Sentraladministrasjonen
Skodje barneskule
Skodje ungdomsskule
Valle skule og barnehage
Stette skule og barnehage
Skodje barnehage
Prestemarka bu- og dagtilbod
Skodje omsorgssenter
Heimebasert omsorg
Skodje helsesenter
Storfjorden barnevern - eit interkommunalt barnevernskontor for fire kommunar
NAV sosial
Teknisk avdeling
Landbruk - interkommunalt samarbeid - kontoret er lokalisert på Ørskog
PPT - interkommunalt samarbeid - kontoret er lokalisert på Ørskog
Målsetjinga for arbeidet vårt er at Skodje skal vere ei god kommune å bu og arbeide i. Vi vil ha fornøgde brukarar og tilsette!
Vi skal organisere oss slik at det blir minst mogleg byråkrati og færrast mogleg beslutningsledd, og på denne måten oppnå ei meir effektiv og rasjonell drift. Gjennom å ansvarleggjere dei enkelte resultateiningane, vil vi oppnå betre målstyring av tenestene våre.