Skodje kommune har 3900 innbyggjarar (pr. 01.01.09), og har hatt ein sterk vekst dei siste åra. Skodje har ei ung befolkning, der omlag 60% av innbyggjarane er under 40 år. Skodje er mellom anna staden med kortast veg til flest andre kommunesentra i fylket, ligg kort veg frå Ålesund og Ålesund Lufthavn Vigra, og i tillegg går E39 tvers gjennom kommunen. Den sentrale plasseringa, gjer at Skodje er ein attraktiv bu-kommune. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.
Meir enn halvparten av kommunen sin innbyggjarar bur i Skodjebygda, medan resten bur i krinsane Svorta (Valle), Brusdal, Utvikbygda, Stette og Engesetdal.
Aktivitetar i nærområda
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for fiske og friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. Her er spesielt gode tilbod for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Saltvasstraumen ved dei flotte Skodjebruene i Straumen er ein god fiskeplass. I Solnørelva er det laksefiske.
Området ved bruene over Straumen er mykje brukt til dykking, og i Atlanterhavsparken er det særprega undervassmiljøet i denne straumen gjenskapt.
Om vinteren blir det fleire plassar kjørt opp skiløyper, og i det lengste samanhengande rutenettet kan du gå milevis på kryss og tvers i preparerte løyper mellom Skodje sentrum, Fylling, Ørskog, Ørskogfjellet, Tomrefjord og så vidare. Ruta ligg i familievennleg terreng, og går innom ulike stølar i området. Løypenettet er eit samarbeid mellom idrettslag i Skodje, Ørskog og Vestnes, og er blitt populært som utfartsstad også for folk utanfrå desse kommunane.
Ved Solnør Gaard Golfbane ligg den einaste 18 hols golfbana mellom Trondheim og Bergen i praktfulle omgjevnader.
Det er utarbeidd ei flott turkart-mappe over Skodje og nabokommunane, der dei fleste aktuelle tur-ruter er innteikna. Mappa er til sals i bokhandlar og i butikkar der turkart blir selt.
Kommunen har eit rikt kulturliv, med mellom anna ni idrettslag, fleire kor og musikkorps. Skodje Trial Klubb og Engesetdal og Skodje skyttarlag har utøvarar i Norgestoppen. Skodje IL er det største idrettslaget med ulike idrettar/aktivitetar og svært mange fotballag i aldersbestemte klassar. På Skodje idrettsråd si heimeside finn du meir om dei ulike idrettslaga i kommunen. Musikkfestivalen og akademiet Fjord Cadenza har etablert seg med internasjonalt renommé, og har vore arrangert i Skodje fleire somrar.
Skule, omsorg og arbeid
Skodje kommune har tre barneskular og ein ungdomsskule. Kommunen har god barnehagedekning, med tre kommunale og ein privat barnehage.
Prestemarka Produkt gir eit variert arbeidstilbod til psykisk utviklingshemma vaksne.
Hausten 2002 stod den nye sjukeheimen ferdig, med 40 plassar.
Kommuneadministrasjonen er lokalisert i Skodje rådhus. I same bygning finn du helsesenter og vaksenopplæring.
Kommunen har variert næringsverksemd, med mellom anna industri, oppdrett og jordbruk. Kommunen har tre industriområde, og i alle desse industriområda er der ledige areal.
Over halvparten av kommunen sine arbeidsføre pendlar ut av kommunen på arbeid.
Bruene og vennskap
Kommunevåpenet har motiv frå Skodje bru (Straumsbrua), som i si tid var Nord-Europas største steinbru. Brua stod ferdig i 1922, men er frå 2004 ikkje i bruk som bilveg. Den gamle brua er no sykkel- og gangveg og skal bevarast som kulturminne. Ny bru vart teken i bruk 3. juli 2004, og området ved Straumen har fått ein ny attraksjon der ny og gamal tid speglar kvarandre. Den nye brua er finansiert av bompengar. Brua er no berekna å vere nedbetalt hausten 2010. Området ved bruene er elles flott lagt til rette av Statens Vegvesen og er vel verdt eit besøk!
Skodje har vidare markert seg som ein verdikommune, der verdiprosjektet "BRUER" har vore eit satsingsområde. Prosjektet har mellom anna hatt som målsetjing å byggje bruer i lokalsamfunnet, og har gjennom prosjektet etablert eit vennskap med kommunen Voi i Kenya. Vennskapssamarbeidet har mellom anna ført til at vi har gjennomført tre rundar med personellutveksling mellom Skodje og Voi. Fleire hundre elevar i skulane i Skodje har på denne måten fått høve til å bli kjende med kenyanske lærarar som har arbeidd hos oss over lengre periodar.
Lærarutvekslinga handlar om skulen sine kjerneoppgåver; å få møte menneske frå andre kulturar, med alt det inneber av perspektiv kring toleranse, kunnskap om samfunn og kultur, livssyn, språk og geografi. Skodje kommune sitt internasjonale engasjement kan nyttast som ein unik innfallsvinkel til desse områda, som er retta direkte mot mål i Kunnskapsløftet.