Skodje bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek med folkebibliotek og skulebibliotek for Skodje barneskule.
Skodje og Ørskog kommunar samarbeider om bibliotektenester. Samarbeidet gjer at vi kan tilby dykk som lånarar eit godt og variert tilbod. Ein kan låne og levere materiell der det passar best, og vi bringer bøker og anna materiell mellom dei to biblioteka om ein ønsker det.