Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
Hovedmeny >> Framsida >> Kultur og idrett
Kultureininga

Einingsleiar er Magne P. Fylling. Tittelen på stillinga er kultursjef.

Fram til kulturhuset står ferdig i august 2010, har kultursjefen kontor ved Skodje barneskule.

Telefon: 70 24 48 73 /483 00 559

E-post: magne.fylling@skodje.kommune.no

Postadresse
Skodje kommune
Kulturavdelinga
Rådhuset
6260 Skodje

Det skjer mykje spennande innan kultur og idrett i Skodje i 2010. Vi vil løfte fram og kommentere fire område:

  • Oppretting av eiga kultureining
  • Ferdigstilling av kultur- og idrettshallen
  • Ferdigstilling av kunstgrasbana
  • Gjennomføring av ei kulturveke i oktober 2010

Kultureininga

Frå 01.01.10 er det oppretta ei kultureining i Skodje. Tilsett einingsleiar er Magne P. Fylling, med rapporteringsplikt til rådmannen.

Kultureininga vil vere ein støttespelar for kulturlivet i kommunen på m.a. desse områda:

1) Drifte den nye kultur- og idrettshallen der både kommunal verksemd skal inn (skular, kulturskulen, folkebiblioteket) og frivillege lag og organisasjonar.

2) Arrangere UKM.

3) Vere kommunens kulturnistekontakt.

4) Ha det administrative ansvaret for kulturskulen, folkebiblioteket og folkehelsekoordinator.

5) Kommunal saksbehandlar for kulturmidlar, kulturprisar m.m.

Kultur- og idrettshall

Arbeidet med den nye kultur- og idrettshallen går etter planen. Ferdigstillingsdato er sett til slutten av august 2010.

Bygget skal innehalde:

  • Heil idrettshall. Det er lagt opp til banemerking for handball, volleyball, basketball og badminton. Det vil bli bygt tribune. Det vil bli eit styrkerom i arealet mellom garderobene og idrettshallen. Det har elles vore snakk om klatrevegg. Ved søknad om tilskot til kulturdepartementet er tilbakemeldinga klar; det bør ikkje byggast klatrevegg i hallen då denne vil vanskeleggjere samtidig aktivitet i heile hallen. Men veggen mot sør vil bli forsterka slik at klatrevegg ev. kan byggast ein gong i framtida. 
  • Seks garderobar med dusjar.
  • Garderobar og toalett i underetasjen.
  • Ungomslokale/øvingsrom for band i underetasjen.
  • Konsertsal med fast amfi, plass til vel 300 personar. I tillegg vil det bli kjøpt inn 100 stolar som kan plasserast på golvet for å auke publikumskapasiteten. Det er bygt ei stor baksscene med tilhørande garderobe og sminkerom. Det er arbeidd mykje med at konsertsalen skal ha gode lyd-/lysfasilitetar.
  • Stort musikkrom, nesten 100 kvm, som skal tene som øvingsrom for kor, korps og teaterlag om kvelden, og skulane på dagtid. Det er bygt gode lager i tilknyting til dette rommet.
  • Kontor og øvings-/undervisningsrom for kulturskulen. Det er teke høgde for at flest mogleg kulturuttrykk skal får gode opplæringsrammer.
  • Kontor, vakt- og møterom knytt til drift av bygget.
  • Kantine med gode kjøkkenfasilitetar. Bord og stolar over to etasjar med plass til 150 personar.
  • Folkebibliotek i 2. etasje. Det blir innreidd eit eige studierom knytt til biblioteket.
  • Bygget vil elles innehalde to heiser, toalett i alle tre etasjane, mykje lagerplass og gode rammer for reinhald. Vi trur også dei tekniske romma vil vere tenlege for drifta av bygget.

Vi reknar med at den nye kultur-og idrettshallen blir ei storstove for innbyggarane i Skodje kommune. Barne- og ungdomsskulen blir brukarar av idrettshall, konsertsal, bibliotek og musikkrom på dagtid. Ungdomsskulen har også signalisert behov for elevkantine. Vi trur også barnehagen som ligg rett over vegen, vil ha ønske om å gjere seg bruk av dei nye mulegheitene.

Vi ser for oss at kantine og bibliotek har opningstider for alle på både dag- og kveldstid, men omfanget må vi kome tilbake til. Slike forhold har sjølvsagt ei økonomisk side.

Om ettermiddagen og kvelden blir det også stor aktivitet. Kulturskulen, frivillege lag og organisasjonar får då høve til å ta kulturhuset i bruk.

Det er blitt lagt mykje tid og omtanke i at mange aktivitetar skal kunne gå samtidig. Fagfolk innan lydisolering har vore konsultert, og det er gjort mange byggtekniske grep for å unngå at lyd frå naborom skal hindre aktivitet.

Kunstgrasbana

Kunstgrasbana erstattar grasbana på Skodje stadion. Utbyggarane har ambisjon om at ferdigstilling skal skje før sommarferien 2010.

Kulturveka 2010

I samband med opning av den nye kultur- og idrettshallen vil vi gjennomføre ei heil kulturveke frå laurdag 23. oktober til søndag 31. oktober.

Målet med kulturveka er fleirdelt:

  • Markere offisiell opning av kultur- og idrettshallen
  • Setje fokus på kulturlivet, både frivillege lag/organisasjonar og kommunal verksemd, og få vist fram både omfang og kvalitet i kultur- og idrettslivet i kommunen.
  • Gje inspirasjon til kreativitet, initiativ og samarbeid om møteplassar og aktivitetar for eit godt liv.

Det er oppnemt ei styringsgruppefor kulturveka 2010 med følgjande personar: Modolf Hareide, ordførar, Bjørn Nedreskodje, leiar for kultur-, energi- og miljøkomiteen, Odd Grande, leiar for idrettsrådet, Harald Skodje og Øystein Molvær, representantar for kulturlivet og Stine Giske, ungdomsrådet. Bente G. Vikhagen er sekretær, og Magne P. Fylling er leiar.

Orføraren kalte inn lag og organisasjonar til to møte hausten 2009 med invitasjon til å ta del i og utforme innhaldet i kulturveka. Etter det har styringsgruppa hatt to møte, det siste 13. januar.

Førebels rammeprogram er eit resultat av innspel og samordning etter desse møta, og ser slik ut:

Laurdag 23. okt: Todelt arrangement, der alle innbyggarar og spesielt inviterte skal få vere med på den offisielle opninga og vonleg få oppleve kjende, dyktige musikarar/artistar frå scena.

Søndag 24. okt: Idrettsdag. Mogleg konsert med kjende artistar om kvelden.

Måndag 25. okt: Open dag. Invitasjon til alle om å kome og sjå kultur- og idrettshallen i bruk.

Tysdag 26. okt: Internasjonal marknad. Fokus på det fleirkulturelle Skodje.

Onsdag 27. okt: Konsert/arrangement med barn og unge på scena. Vi vil utfordre alle skulane i kommunen, kulturskulen og skulekorpset til å halde innslag.

Torsdag 28. okt: Barneteater

Fredag 29. okt: Konsert for ungdommane. Ungdomsrådet har ønske om å få Vassendgutane hit.

Laurdag 30. okt: Felleskonsert med deltaking frå dei ulike delane av det vaksne kulturlivet; kor, teaterlag, band. Avslutning med dans.

Søndag 31. oktober: Til disp.

Dette er som sagt eit førebels rammeprogram. Vi skal finne plass til både lokale aktørar og kjende artistar som måtte melde seg på eller bli utfordra.

 

Magne P. Fylling

- kultursjef-

Publisert av Magne Fylling. Sist endra 01.03.2010
Kontaktinformasjon
_
_
Skodje kommune
6260 Skodje
 
 
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
 
 
Telefon : 70 24 40 00
Faks : 70 24 40 01
Kommunenr. : 1529
_
Opningstid : 09.00-15.00
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Skriftstørrelse
a - a - a
Lokal og regional kulturoversikt
Bilete for dagen
Bålet brenn flott!
St.Hansbål
Fotograf: Ann Iren S. Johnsen
Levert av ACOS AS