Kva skjer?

januar 2012
tyontofrla
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
Vervarsel for Skodje
Kart i Skodje kommune
Information in english
   
Informasjon Publisert 27.01.2012
5.tr06

Skodje barneskule har ledig vikariat for lærar i 100% frå 10 april til 30 juni 2012.
Søknadsfrist 1.mars.
Stillinga er i hovudsak lagt til 5.trinnet med undervisning i vanlege skulefag.

Informasjon Publisert 27.01.2012

I samband med rullering av Kommunedelplan for fysisk aktivitet
ønsker vi å invitere til

Opne grendemøte med tema FYSISK AKTIVITET

Kva kan vi gjere lokalt for å legge til rette
for meir fysisk aktivitet - og dermed betre helse? 

Møta blir haldne slik:
Tys 31.01   kl.18.30-21  Brusdal skule
Tors 02.02  kl.18.30-21  Glomset grendahus
Tys 07.02   kl.18.30-21  Valle bedehus
Tors 09.02  kl.18.30-21  Gomerhuset, Skodje
Ons 15.02  kl.18.30-21   Engesetdal, skyttarhuset
Tors 16.02  kl.18.30-21  Stette skule

Informasjon Publisert 27.01.2012

Laurdag 4.februar kl. 17.00 er det klart for UKM i Gomerhuset. Påmeldingsfrista går ut den 29.januar kl. 23.00, så det er framleis mogleg å melde seg på! 9.trinnet ved Skodje ungdomsskule står som arrangør. 

Informasjon Publisert 27.01.2012
arne_fann_det_ut!.png

Onsdag 15.februar er det klart for årets Grand Prix for Skodje ungdomsskule i Gomerhuset. Billettsalet byrjar kl. 17.00, og det blir kafe og tombola både før showet og i pausen. Sjølve forestillinga startar ca kl. 18.30. Møt opp i god tid! 

Informasjon Publisert 25.01.2012

Kulturkalender for Skodje

I møte 19.01.12 der alle frivillege lag i Skodje var invitert, blei vi samde om å bruke kulturkalenderen i Kulturnett Møre og Romsdal som lokal kulturkalender.

Grunngjevinga er:
- Ved å velje Skodje, får vi fram berre det som skjer i kommunen vår.
- Ved å velje Alle, kan vi sjå kva som skjer i andre kommunar.
- Alt av arrangement kan leggast ut; konsertar, forestillingar, idrettsarrangement og turar i friluft.
- Alle kan legge inn arrangement utan passord. NB! Pr dato er det slik at det som blir lagt inn, skal godkjennast. Det kan derfor gå inn til 24 timar før arrangementet som er lagt inn, blir vist i kalenderen.
- Ved å bruke denne kulturkalenderen blir vi også meir fortrulege med nettportalen Kulturnett Møre og Romsdal, som inneheld mykje lokalt kulturstoff.

NB! Arrangement på Gomerhuset vil framleis bli lagt inn på gomerhuset.no.

Informasjon Publisert 25.01.2012

Korleis søkje?

Søknadsskjema her

Skjemaet må fyllast ut og returnerast elektronisk til magne.fylling@skodje.kommune.no seinast tysdag 21. februar 2012. 
Alle vedlegg (bilde, film- og lydfiler osv.) skal sendast elektronisk som eigne filer.

Informasjon Publisert 24.01.2012

NAV-Storfjorden har fått prosjektmidlar  gjennom fylkesmannen  til førebygging  og arbeid mot barnefattigdom i dei fire kommunane  Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal.

Målet er å sikre velferd og inkludering og hindre marginalisering på lengre sikt.
Arild Aanes har fått i oppgåve å arbeide spesielt med prosjektet. Han byrja 1. januar i år. Tilsetjinga gjeld førebels for eitt år.

Informasjon Publisert 19.01.2012
Skal vi lage noko?

Søknadsfrist for opptak i barnehagane i Skodje (Skodje, Stette, Valle og Plassebakken barnehage) for barnehageåret 2012 / 2013 er sett til 1. mars.

Både nye søkjarar og dei som ønskjer endring av opphald må søkje elektronisk.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: 964980454
Kontonr.
: 3910.23.89682
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: 09.00-15.00

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF

Skriftstørrelse

a - a - a
Levert av ACOS AS