Tempolex

I samarbeid med PPT har skulen denne hausten satsa på eit dataprogram som skal gjere elevane til betre lesarar. Programmet er blitt gitt som tilbod til elevar som treng meir lesetrening, og det kan vise til forbløffande resultat. Men det krev at både skulen og heimen set av tid til trening, og det kan vere utfordrande både her og der. For tida er vi i ein utprøvingsfase, men dersom utbyttet blir stort, vil vi neste skuleår organisere oss slik at vi enklare kan gi dette tilbodet til dei elevane som treng det.

Tempolex baserer seg på systematikk, gjentaking, tempo, nøyaktigheit og dagleg øving. Det gir gode resultat sjølv om ein øver berre fem minutt, men då krev det at ein repeterer to til seks gonger dagleg, avhengig av kor langt eleven er komen.

Lesedugleik og framgang blir registrert og presentert i enkel grafikk som gjer at elevane kan gle seg over framgang dag for dag. Programmet har mål for oppnådd leseflyt, og slik veit ein når ein har øvd nok på ei oppgåve og kan gå vidare til den neste.

Om du ønskjer å vite meir om tempolex, kan du følgje denne linken: TEMPOLEX

Tempolex 01
Tempolex 01
Publisert av Ketil Hjelset. Sist endra 22.11.2011
   

Kontaktinformasjon

Skodje barneskule besøksadresse: Stadionvegen 21 postadresse: Rådhuset
6260 Skodje
E-post : skodje.barneskule@skodje.kommu..
Telefon
: 70244870

Skriftstørrelse

a - a - a