Kva skjer?

februar 2018
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627281234
567891011
Komande hendingar
   

16 vegar må endre namn

Skodje namnenemd vedtok i møte 24.01.18 å starte namnesak for 16 adresseparsellar i Skodje kommune. Det gjeld endring av vedtekne vegnamn med namnelikskap i kommunane som skal slå seg saman og bli Ålesund kommune frå 01.01.20.

Namneforslaga blir med dette lagt ut til offentleg høyring etter stadnamnslova § 6. I Skodje kommune ønskjer vi merknader og innspel på val av namn og skrivemåten. Det er formannskapet som skal gjere endeleg vedtak i namnesaker.

Merknader og innspel kan sendast til Skodje kommune, kultureininga, Rådhuset, 6260 Skodje, eller på epost til magne.fylling@skodje.kommune.no. Frist 20. mars 2018.

Alle som har adresser til vegane som må skifte namn, blei tilskrivne i nov -17 med oppmoding om å foreslå nye namn.

Det kom inn nye namneforslag på 14 av dei aktuelle 16 vegane.

Forslaga blei kontrollert opp mot eksisterande namn i andre kommunar. Som tabellen under viser, var nokre namn av den grunn uaktuelle å arbeid vidare med.

Namnenemda vurderte dei ulike framlegga, og tilrår eitt til to aktuelle namn pr veg. Der det blir lagt  fram to forslag, tilrår namnenemda det første som mest aktuelt.

 

Vegnamna no

Innkomne forslag

Ikkje aktuelle pga namnelikskap i andre kommunar

Namnenemda si tilråding til nye namn

Grunngjeving

Bergsvegen

Nedre Bergsvegen, Ellinggjerde, Ellingsvegen, Berget  Bergsbakken.

Ellinggjerde, Ellingsvegen

Berget

 

 

 

Bergsbakken

Vegparsellen ligg i området vi omtalar som Berget.

 

Vegen går oppover bakkane i Berget

Einevegen

Barlindvegen, Blåbærvegen og Roaldvegen

Barlindvegen, Blåbærvegen

Einebærvegen

 

 

Brakevegen

Er eit namn som liknar det eksisterande.

 

Aktuelt då brake er eit anna namn for eine.

Fjellvegen

Trollvegen, Solvegen

Trollvegen, Solvegen

Nihusvegen

Namnenemda ser det naturleg å la vegen bli del av Nihusvegen. Husa langs vegen i byggjefeltet ligg øvst oppe mot Nihusen.

Gamlevegen

Demmevegen, Paddevegen, Grindvikvegen, Nedre Kriken

Demmevegen

Grindvikvegen

Vegen ligg i Grindvika. Ingen veg har fått det namnet før.

Gjerdevegen

Fjellbuvegen

Fjellbuvegen

Ole-Andreasgjerdet

Vegen ligg på Ole-Andreasgarden. Gardsnamnet kjem frå han som kjøpte garden i 1883

Karolusplassen

Karolusvegen

 

Karolusvegen

 

 

 

Grindvikvegen

Namnet Karolus er tufta på han som rydda plassen og busette seg der.

 

Det er mogleg å forlenge vegen som no er foreslått til Grindvikvegen til også å omfatte vegnettet på Karolusplassen.

Myrbakken

Hjellmyrbakken

 

Hjellmyrbakken

Vegen ligg i ein bakke ved Hjellmyra.

Nakkevegen

   

Gardkroken

 

 

 

Rønakken

Utmarksgarden (utmarksgjerdet) hadde ein krok, ein sving her.

 

Eit vegnamn som fangar opp både Røane og nakke.

Nesvegen

Aakevegen, Nesråsa, Landevegen, Kalverumpa, Reveråsa, Hjorteråsa, Aakestien Gardsvegen Nesgardvegen    Hans Nesvegen

Nesodden

Gardsvegen

Nesgardsvegen

 

 

Nesnakken

Vegen går til gardane på Nes.

 

Vegen går eit godt stykke langs Nesnakken

Porsevegen

Urtevegen,

Balle Klorins veg Nedstegata

Nedstegata

Urtevegen

Det voks mykje av urta pors i området.

Reitane

Skodjereite

 

Skodjereite

 

 

Skodjereitane

Namn på garden der vegparsellen ligg.

 

Skodjereitane er også registrert som vedteken skrivemåte av eigedomsnamnet på staden.

Remevegen

Gomervegen, Nettveien, Breibandveien, Televeien, Flisveien Kasseveien

 

Gomervegen

Dette er ein veg som ligg nært Gomerhuset, og heller ikkje langt frå Gomerrøysa i Murvika. Gomer var etter segna den første bygdehøvdingen i Skodje.

Skulevegen

Vallemyrane Vallemyrvegen

 

Vallemyrane

 

Vallemyrvegen

Vegen ligg ved Vallemyrane

Storfjordvegen 

Storfjordåsvegen, Indrevika, Indrevikvegen, Fjordvegen Indrevik

Storfjordåsvegen, Fjordvegen

Indrevikrongen

 

 

Fjordsynvegen

Vegen går ned på ein ronge.

 

Det er flott utsyn over Storfjorden frå staden der vegen går.

Torevegen

Kirstenveien, Torolevegen, Toregarden, Toregardsvegen, Nye Torevegen

Nye Torevegen

Toregarden, Toregardsvegen

Vegen ligg på Toregarden

 

 

 

Ådalsvegen

   

Ådalen Allé

 

 

 

Kolonihagen

Med beplantning av tre på begge sider kan vegen bli ein flott allé i Ådalen

 

Det var både jente- og gutekoloni i området på 1900-talet.

 

Kart over Bergsvegen (PDF, 440 kB)
Kart over Fjellvegen (PDF, 604 kB)
Kart over Gamlevegen (PDF, 601 kB)
Kart over Gjerdevegen (PDF, 514 kB)
Kart over Karolusplassen (PDF, 385 kB)
Kart over Myrbakken (PDF, 423 kB)
Kart over Nakkevegen (PDF, 535 kB)
Kart over Nesvegen (PDF, 702 kB)
Kart over Porsevegen (PDF, 627 kB)
Kart over Reitane (PDF, 467 kB)
Kart over Remevegen (PDF, 431 kB)
Kart over Skulevegen (PDF, 536 kB)
Kart over Storfjordvegen (PDF, 517 kB)
Kart over Torevegen (PDF, 553 kB)
Kart over Ådalsvegen (PDF, 448 kB)

 

Sist endra 05.02.2018 13:36
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a