Søknad om utsleppsløyve

Eigar pliktar å søkje kommunen om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustadar, fritidsbustadar og næringsbygg med utslepp mindre enn 50 personekvivalent (pe).

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett (svartvatn), kjøkken, bad og vaskerom (gråvatn).

Målgruppe er eigarar og brukarar av bustadar, fritidsbustadar og næringsbygg som ikkje er knytt til eller kan knytast til offentleg avløpsanlegg.

Standardvilkåra går fram av forureiningsforskrifta. Vilkår kan og gå fram av løyve. Eigar av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygd og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal m.a. innehalde desse opplysningane:

  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap 12 i forureiningsforskrifta eller om det blir søkt omfritak for krava.
  • Plassering av avløpsanlegg, utsleppsstad og evt. brønner på kart
  • Interesser som ein trur etableringa får følgjer for

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.

Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap 12 i forskrifta skal avgjerast av kommunen innan 6 veker.

Sist endra 04.01.2011
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Byggteknisk etat
Miljøvennleg enegibruk
Lover og forskrifter
Husbanken
Statens kartverk