Krav om avfallsplan

Krav om avfallsplan og miljøsaneringsskildring i byggesaker

 

Frå 1. januar 2008 er det innført nye reglar i avfallsforskrifta, som mellom anna stiller krav om avfallsplan og miljøsaneringsskildring for prosjekt over ein viss storleik.

Avfallsplanen skal innehalde ein oversikt over byggavfall som er forventa å oppstå, og ein plan for handtering og disponering av avfallet. Ved rehablitering og riving skal det i tillegg utarbeidast ein plan for handtering av farleg avfall.

Reglane gjeld følgjande tiltak:

  •   Oppføring, tilbygging, påbygging av bygning dersom tiltaket  er større 300 m2.
  • Rehabilitering i form av fasadeendring, vesentleg endring eller vesentleg reparasjon av bygning dersom tiltaket omfattar del av bygning er større enn 100 m2.
  • Riving av bygning eller del av bygning som er større enn 100 m2.
  • Oppføring, tilbygging, påbygging, rehabilitering eller riving av konstruksjonar og anlegg dersom tiltaket genererer over 10 tonn bygge- og rivingsavfall.

For alle tiltaka vert det stilt krav om at minst 60 vektprosent av avfallet skal sorterast på byggeplass.

Ansvarleg søkjar er ansvarleg for at avfallsplan og miljøsaneringsskildring vert utarbeida og følgde. Ved søknad om ferdigattest skal det sendast sluttrapport med oversikt over faktiske leverte mengder avfall og disponering.

Reglane vil føre til auka innsamling, meir gjenvinning, mindre spreiing av miljøgifter frå farleg avfall og mindre ulovleg deponering.

Sist endra 03.01.2011
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Byggteknisk etat
Miljøvennleg enegibruk
Lover og forskrifter
Husbanken
Statens kartverk