Tiltak som krev søknad og løyve og som kan utførast av tiltakshavar jfr pbl § 20-2

For tiltak som blir behandla etter plan- og bygningslova §§ 30-1 (driftsbygningar i landbruket) og 20-2 (mindre byggearbeid på bustadeigedom) kan tiltakshavar setja i gang tiltaket 3 veker etter at søknad vart motteke av kommunen. Dette føreset at nabo ikkje har merknad til tiltaket. Søknad om løyve til tiltak etter pbl § 20-2 krev ikkje profesjonell søkjar.

Søknad om løyve til tiltak etter pbl § 20-2 omfattar frittståande bygg inntil 70 m2 som ikkje skal nyttast til varig opphald, tilbygg inntil 50 m2, bruksendring frå bod og liknande til rom for varig opphald og visse typer skilt, reklameinnretningar og antennesystem.

Det er eit krav at tiltaket ikkje er i strid med arealplan og reguleringsplaner for området.

Søknad etter pbl § 20-2 omhandlar også mellombelse konstruksjonar og anlegg.

Krav til dokumentasjon:
- Søknadskjema: Søknad om tiltak utan ansvarsrett, byggblankett 5153
- Gjenpart og kvittering av nabovarsel
- Situasjonskart M 1:1000
- Teikningar av plan, snitt og fasadar M 1:100, M1:200

Sist endra 03.01.2011
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Byggteknisk etat
Miljøvennleg enegibruk
Lover og forskrifter
Husbanken
Statens kartverk