Arbeidsmiljøprisen 2018 er tildelt Skodje omsorgssenter

Arbeidsmiljøprisen 2018 vart delt ut til Skodje omsorgsenter - Klikk for stort bileteArbeidsmiljøprisen 2018 vart delt ut til Skodje omsorgsenter Prisen vert delt ut til den eininga eller avdelinga som i løpet av det siste året har utmerka seg på ein særleg måte gjennom sitt engasjement for eit positiv arbeidsmiljø med vekt på verdiane trivsel, identitet, tryggleik og entusiasme.

Grunngjeving:

Skodje omsorgssenter har i 2018 arbeidet aktivt og systematisk med arbeidsmiljøet:

Det vart arrangert ein eigen fagdag om arbeidsmiljø i eininga, der ein la vekt på å drøfte korleis ein jobbar og kva som kan verte betre. Det blei og lagt vekt på rollene til den einskilde; arbeidstakar, leiar og verneombod.

Trivselstiltak er ein av dei tinga som er viktig for å skape samhald, og dei tilsette møtast for sosialt samvær utanfor arbeidstid fleire gongar i året.

På ein arbeidsplass som stadig er i endring er fagutvikling viktig for å styrke identitet og gi tryggleik i jobben. På omsorgssenteret har tilsette teke fagbrev, fleire tek vidareutdanning og det blir jamleg gjennomført internundervisning.

Sjukefråværet har gått betydeleg ned og i 2018 var fråværet på omsorgssenteret  nede på 5,1 %.

Skodje kommune har klart å rekruttere kvalifisert personell dei siste åra, noko som andre kommunar sliter med. Dette kan tyde på at eit godt arbeidsmiljø også gir godt omdøme.

Alle desse tinga er med på å gjere Skodje omsorgssenter til ei god, inkluderande arbeidsplass der tilsette kan trivast i jobben, identifisere seg med oppgåvene, oppleve tryggleik i arbeidskvardagen. Dette fører igjen til entusiasme – både på arbeidsplassen og hos innbyggarar, frivillige og tilsette som får gleda av å samarbeide med dykk.!

Sist endra 05.03.2019 15.23