Kva skjer?

oktober 2017
tyontofrla
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

SMS-varsling

Skodje kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS Servicevarsling får du beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vasstans eller liknande. Også i andre situasjonar kan det være aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til mobiltelefonar, og i nokre tilfelle òg ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som berre er registrert med fasttelefon.

Korleis fungerer det?

I samband med vassavstengningar, lekkasjar, driftsavbrot etc. vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området.

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon fra GAB-registeret (grunneigedom- adresse- og bygningsregisteret). Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsel.

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du kan kontrollere og endre di oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata: http://cdm.ums.no. Oppgi kommunenamn Skodje, og nummeret til ein mobiltelfon du har tilgjengeleg for å motta ein tilsendt PIN-kode. Her kan du sjekke kva telefonnummer du er registrert med, og ev. endre dersom du ønskjer varsling til eit anna nummer.

Her kan du òg registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som gjeld fritidseigedom eller liknande.
Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv legge dette telefonnummeret til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling av hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer. Det betyr at dei ikkje mottek varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halden hemmeleg for alle andre.

Vert også bedrifter varsla?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling inneheld òg adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane, og bedrifta vert difor anbefalt å endre eller legge til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved å logge inn på http://cdm.ums.no.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svartteneste eller tastevalg for vidarekobling er derfor lite eigna som kontaktnummer for næringsvirksemd. Dersom di bedrift er registrert med et slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta mottar eventuell varsling.

 

Sist endra 21.04.2015 09:42
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri