Kva skjer?

desember 2018
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

SMS-varsling

Skodje kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS Servicevarsling får du beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vasstans eller liknande. Også i andre situasjonar kan det være aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til mobiltelefonar, og i nokre tilfelle òg ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som berre er registrert med fasttelefon.

Korleis fungerer det?

I samband med vasstengning, lekkasjar, driftsavbrot etc. vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området.

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Kommunen har fått tilgang til å bruke kontakt- og reservasjonsregisteret frå Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) når vi sender ut driftsmeldingar. Dette registeret vert brukt av Altinn, som er den norske felles internettportalen for å levere elektroniske skjema, som til dømes skattemelding, til offentlege myndigheiter. Difor har dei fleste vaksne personar i Noreg registrert sitt mobilnummer og si private e-postadresse i dette registeret. Dersom du ikkje har registrert deg, eller vil sjekke opplysningane dine, kan du gjere det her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon.

Kva gjer eg om eg ikkje får SMS-varsling?

Dersom mobilnummeret ditt er registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret frå Difi (jf. over), skal du få SMS-varsling for hendingar som gjeld området der du har folkeregisteradressa (bustadadressa) di. Dersom du likevel ikkje får varsel, kan det skuldast at det folkeregisteradressa ikkje er korrekt, f.eks. dersom du ikkje har meldt flytting til Folkeregisteret.

Varsling for andre adresser enn bustadadresse

Dersom du ønskjer å motta SMS-varsel ved hendingar som gjeld andre adresser enn der du bur, f.eks. fritidseigedom eller liknande, kan du registrere andre adresser på mobilnummeret ditt. Velg Skodje kommune i lista, og skriv inn mobilnummeret ditt for å logge på.

Bedrifter

For bedrifter kan det vere ønskjeleg at det vert sendt SMS-varsel til andre nummer enn det som er registrert i kontakt- og reservasjonsregisterer frå Difi. Det vert i slike tilfelle anbefalt å endre eller legge til nummer til kontaktperson(ar) som skal varslast.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing og talemelding. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tastevalg for vidarekobling er derfor lite eigna som kontaktnummer for næringsvirksemd. Dersom di bedrift er registrert med et slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta mottar eventuell varsling.

 

Sist endra 03.10.2018 17:01
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a