Publisert 20.04.2018

Skodje kommune har ledig bustad i Ådalsbakken 4. Bustaden har 1 soverom.
Ta kontakt med Skodje kommune for meir informasjon.

Elektronisk søknad (krev innlogging via MinID, BankID e.l.)

Søknadsfrist: 16. mai 2018.

Publisert 20.04.2018

Skodje næringsforening går saman med Ørskog næringsforening om felles næringsforeining og inviterer til

 Ope møte tysdag 24. april kl. 18.00 på Gomerhuset 

Tema for møtet er tettstadutvikling – korleis vi kan skape attraktive tettstader. Det blir innlegg av Ingunn Stette, Runa Klock, Kai Westre og Hanne Vadset Knotten.

I siste del av møtet vert det gjennomført årsmøte for aktivitetane i Skodje og utviding av næringsforeininga med samarbeidet mellom Skodje og Ørskog.

Vi ønskjer alle som ønskjer å delta vel møtt på Gomerhuset!

Publisert 19.04.2018
Dagtilbod Demens.jpg

Det er no snart klart for åpning av det nye dagtilbodet til deg som har demens og bur heime. Vi inviterer alle som er interessert i å høyre om den nye tilbodet, til informasjonsmøte på jentekolonien:  

15. mai 2018 kl 18.00 - 19.00

Publisert 10.04.2018
Broadband_photo_SeanMacEntee_Flickr_adapted.jpg

Nye Ålesund skal søkje om pengar for å bygge ut breiband der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut, og ønsker innspel frå innbyggarar, organisasjonar og verksemder om kva område søknaden bør omfatte. Fristen for innspel er 10. mai. 

Publisert 12.03.2018
Bente.JPG

Bente Glomset Vikhagen er tilsett som assisterande prosjektleiar i prosjektorganisasjonen for å bygge nye Ålesund, etter intern utlysing.

Bente Glomset Vikhagen er rådmann i Skodje kommune og tiltrer i stillinga som assisterande prosjektleiar 1. april.2018. Det er viktig å ha ein person som kan avlaste prosjektleiar og tilføre prosjektorganisasjonen ressursar i det store arbeidet vi har framfor oss, seier prosjektleiar og komande rådmann i nye Ålesund, Astrid Eidsvik.

Publisert 20.02.2018
Eldrekafe, bilde.jpg

Skodje frivillige aktivitetssenter innbyr til Eldrekafé i storstova på omsorgssenteret tirsdagar frå kl. 11.00 til kl. 14.00.
Her får du triveleg samvær og god lunsj, i tillegg til å spele bingo.
Du er velkomen!

Publisert 08.02.2018
Mathea.JPG

UKM Skodje 2018 blei arrangert søndag 28. januar.
Publikum fekk sjå og høyre åtte glitrande sceneinnslag, flott presentert av programleiarane Lena Maria Adriana Van Weert og Amanda Rånes Ludvigsen.

Desse deltakarane har takka ja til å representere Skodje under fylkesmønstringa i Stordal 27.-29. april:
Rebecca Emblem - 15 år, song, med "All about that bass"
Mathea Rødseth - 16 år, piano, med "Spring time"
Mathea Rødset - 16 år, piano, og Sebastian Ulvestad - 16 år, song, med "Hallelujah"

Publisert 04.01.2018
Kjærleik

Frå 1. januar 2018 vart ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel overført frå Tingretten til kommunane. Her kan du lese meir om korleis dette vil bli i Skodje kommune.

Publisert 27.11.2017
Refleks i mørketida.jpg

GODE FORELDRE

Som de alle er godt kjende med, har vi morgon og ettermiddag eit svært krevjande trafikkbilete kring sentrumsskulane. Gjentekne reflekskampanjar og stadige oppmodingar til heimane om at flest mogleg av elevane bør gå til skulen, må vi ha trua på har positiv effekt. Eg vil takke alle dykk som støttar opp om dette!

(klikk overskrifta for å lese meir)

Publisert 01.06.2017
RoomMate.jpg

Velferdsteknologi er eit nasjonalt satsingsområde. Målet med innføring er å gi auka tryggleik,  betre mestring og/eller større fridom for den einskilde tenestemottakar. Teknologien skal ikkje først og fremst spare pengar eller erstatte «dei varme hendene», men vere eit utfyllande tillegg, tilpassa behova til den einskilde

Publisert 10.05.2017
inkludering-og-mangfold[1].jpg

Skodje kommune er ein av 3 kommunar i Møre og Romsdal som får vere med i første pulje i  den landsdekkande kompetansehevinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».  Satsinga er styrt av Utdanningsdirektoratet og prosjektet i Skodje vil ha ei ramme på to heile barnehage- og skuleår (2017 – 2019).

Første Førre | Neste Siste