Publisert 25.03.2019
Plakat klesbyttedag.jpg

Laurdag 6. april kl 12-15 i idrettshallen på Gomerhuset blir det arrangert klesbyttefest for deg som vil fornye klesskapet på ein miljøvennleg måte.

Bytt vekk gamle klesskattar du ikkje bruker lenger – og få nye favorittar i retur!

– Klesbytting er eit hyggeleg og enkelt miljøtiltak, og eit godt alternativ til shopping, seier Beate Iversen og Inger Bakke, initiativtakarar til klesbyttedagen på Skodje.

Publisert 21.03.2019
Kart over Skodje kommune

Skodje kommunestyre vedtok ny arealdel til kommuneplanen i møte sak 16/19 i møte 14.3.2019.

To delområder i planen vart unnateke planen sin rettsverknad.
Åtte delområder vart endra i høve planen som vart lagt til offentleg ettersyn.
Eit avsnitt knytt til eit framtidig byggeområde vart tatt inn i planomtalen.

 

Publisert 19.03.2019
Kjærleik

Det går mot vår og sommar og høgsesong for vigsel.
Frå 1. januar 2018 vart ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel overført frå Tingretten til kommunane. Her kan du lese meir om korleis dette skjer i Skodje kommune.

Publisert 08.03.2019
Ostehøvlar.jpg

Fagpanelet under UKM Skodje 3. februar valde desse deltakarane til å representere Skodje under fylkesfinalen i Kristiansund 3.-5. mai:

Sceneinnslag
Angels, cheerleading
Nora Vadset Roald, song
Mathea Rødseth, piano

Utstilling
Nina Tuvik Flaathe - ostehøvel
Gabriel Fjellheim - foto av hund
Johanne Sorthe Lillevold – låvemaleri

Publisert 05.03.2019
Personalet på Skodje omsorgssenter 2019

Prisen vert delt ut til den eininga eller avdelinga som i løpet av det siste året har utmerka seg på ein særleg måte gjennom sitt engasjement for eit positiv arbeidsmiljø med vekt på verdiane trivsel, identitet, tryggleik og entusiasme.

Publisert 21.02.2019

Fastlege Andreas Skuseth Heggdal skal ha pappapermisjon frå 01.mars til 31.mai, og Benedicte Teigland skal vere vikarlege i denne perioden.
Ho har vore turnuslege på Stranda Legekontor i vinter.

Publisert 13.02.2019

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne, jamfør lov om folkehelsearbeid.

Folkehelseprofil 2019 (PDF, 1021 kB)

Publisert 30.01.2019
Vått og kjekt

Skodje kommune har samordna opptak for dei fem barnehagane i kommunen Skodje, Prestemarka, Stette, Valle og Plassebakken.

Fristen for å søkje barnehageplass ved hovudopptak for komande barnehageår, med oppstart 15.august er: 1. mars 2019.

Ved ledig kapasitet vert nye søknader handsama fortløpande.

Publisert 21.01.2019
ved fjorden.jpg

Storfjorden barnevern er i kontakt med familiar i Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje som av ulike årsakar har hjelpebehov i ein periode. Barna i familiane kan for eksempel ha behov for , nokon som vil hjelpe med lekser, følge til fritidsaktiviteter, støttekontakt eller ein besøksheim. Nokre familiar kan ha nytte av ein støttefamilie, som kan fungere som utvida nettverk.

Tenker du at dette er noko for deg ?Skriv ein open søknad og send til Skodje Rådhus v/ Storfjorden barnevern. Eller ta kontakt med Storfjorden barnevern  v/ Eline Askeland tlf 902 60 272 for meir informasjon

Publisert 19.12.2018
fellesnemnda_150218_alesund-crop.jpg

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune allereie er sett i drift. Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020. 
Les meir om valet 2019 på nye Ålesund sine nettsider.

Publisert 05.09.2018

«Vold i nære relasjoner har et betydelig omfang og er et alvorlig samfunns- og folkehelseproblem. Vold i nære relasjoner skaper utrygghet, kan medføre helseskader og tap av velferd og begrenser den enkeltes livsutfoldelse og mulighet for aktiv samfunnsdeltakelse. Vold i nære relasjoner er straffbare handlinger i strid med norsk lov og grunnleggende menneskerettighet» (Et liv uten vold.Regjeringens handlignsplan 2014-2017)

Publisert 10.05.2017
inkludering-og-mangfold[1].jpg

Skodje kommune er ein av 3 kommunar i Møre og Romsdal som får vere med i første pulje i  den landsdekkande kompetansehevinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».  Satsinga er styrt av Utdanningsdirektoratet og prosjektet i Skodje vil ha ei ramme på to heile barnehage- og skuleår (2017 – 2019).

Første Førre | Neste Siste