Publisert 08.03.2019
Ostehøvlar.jpg

Fagpanelet under UKM Skodje 3. februar valde desse deltakarane til å representere Skodje under fylkesfinalen i Kristiansund 3.-5. mai:

Sceneinnslag
Angels, cheerleading
Nora Vadset Roald, song
Mathea Rødseth, piano

Utstilling
Nina Tuvik Flaathe - ostehøvel
Gabriel Fjellheim - foto av hund
Johanne Sorthe Lillevold – låvemaleri

Publisert 05.03.2019
Personalet på Skodje omsorgssenter 2019

Prisen vert delt ut til den eininga eller avdelinga som i løpet av det siste året har utmerka seg på ein særleg måte gjennom sitt engasjement for eit positiv arbeidsmiljø med vekt på verdiane trivsel, identitet, tryggleik og entusiasme.

Publisert 21.02.2019

Fastlege Andreas Skuseth Heggdal skal ha pappapermisjon frå 01.mars til 31.mai, og Benedicte Teigland skal vere vikarlege i denne perioden.
Ho har vore turnuslege på Stranda Legekontor i vinter.

Publisert 13.02.2019

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne, jamfør lov om folkehelsearbeid.

Folkehelseprofil 2019 (PDF, 1021 kB)

Publisert 30.01.2019
Vått og kjekt

Skodje kommune har samordna opptak for dei fem barnehagane i kommunen Skodje, Prestemarka, Stette, Valle og Plassebakken.

Fristen for å søkje barnehageplass ved hovudopptak for komande barnehageår, med oppstart 15.august er: 1. mars 2019.

Ved ledig kapasitet vert nye søknader handsama fortløpande.

Publisert 21.01.2019
ved fjorden.jpg

Storfjorden barnevern er i kontakt med familiar i Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje som av ulike årsakar har hjelpebehov i ein periode. Barna i familiane kan for eksempel ha behov for , nokon som vil hjelpe med lekser, følge til fritidsaktiviteter, støttekontakt eller ein besøksheim. Nokre familiar kan ha nytte av ein støttefamilie, som kan fungere som utvida nettverk.

Tenker du at dette er noko for deg ?Skriv ein open søknad og send til Skodje Rådhus v/ Storfjorden barnevern. Eller ta kontakt med Storfjorden barnevern  v/ Eline Askeland tlf 902 60 272 for meir informasjon

Publisert 19.12.2018
fellesnemnda_150218_alesund-crop.jpg

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune allereie er sett i drift. Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020. 
Les meir om valet 2019 på nye Ålesund sine nettsider.

Publisert 05.09.2018

«Vold i nære relasjoner har et betydelig omfang og er et alvorlig samfunns- og folkehelseproblem. Vold i nære relasjoner skaper utrygghet, kan medføre helseskader og tap av velferd og begrenser den enkeltes livsutfoldelse og mulighet for aktiv samfunnsdeltakelse. Vold i nære relasjoner er straffbare handlinger i strid med norsk lov og grunnleggende menneskerettighet» (Et liv uten vold.Regjeringens handlignsplan 2014-2017)

Publisert 10.05.2017
inkludering-og-mangfold[1].jpg

Skodje kommune er ein av 3 kommunar i Møre og Romsdal som får vere med i første pulje i  den landsdekkande kompetansehevinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».  Satsinga er styrt av Utdanningsdirektoratet og prosjektet i Skodje vil ha ei ramme på to heile barnehage- og skuleår (2017 – 2019).

Publisert 13.02.2017

Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal er Skodje kommune sitt arkivdepot. Det vil seie at det er her arkiv som er avslutta og ute av administrativt bruk vert avlevert for bevaring. Dei har no laga ein spanande artikkel som er skriven med utgangspunkt i ein protokoll avlevert frå Skodje kommune.

Artikkelen finn du her

God lesing!

Publisert 27.06.2016
ØrskogVekst_1986.png

Vekst Ørskog AS er ei arbeidsmarknadsbedrift med fire tilsette og femten VTA-plassar. Desse er fordelt med ti plassar til Ørskog, fire til Skodje, to til Stordal og ein til Norddal kommune. Bedrifta har tre avdelingar: ventilmontering/pakking for Spilka, møbelmontering/kapping og Sjøholtstrand Miljøstasjon.

Publisert 08.06.2016
Illustrasjon nettside.jpg

Eit samrøystes kommunestyre melde tidlegare i år Skodje kommune inn som medlem i LNK – Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
LNK har i fleire år satsa på å byggja opp eit godt tilbod på nett – og då særleg for barn og unge. Målet er å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett. 

Her finn du nyttige, nynorske nettsider

Første Førre | Neste Siste