Kva skjer?

juni 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
1234567
Komande hendingar
   
Publisert 24.06.2019
Illustrasjon kunngjering KATP

Ålesundsregionen er i sterk vekst og utvikling, og folk i regionen bur, arbeider og nytter fritidstilbod uavhengig av kommunegrensene. Klima-, areal- og transportplanen skal sjå utbyggingsareal og transportsystem på tvers av kommunegrensene, og stake ut ein felles, langsiktig og berekraftig kurs for korleis areal og trafikk skal forvaltast i regionen.

Publisert 24.06.2019

Skodje kommune har ledige kommunal bustader i Vangen 18, 20 og 22, alle med 1 soverom.
Ta kontakt med Skodje kommune for meir informasjon.

Elektronisk søknad (krev innlogging via MinID, BankID e.l.)

Søknadsfrist: 10. juli 2019.

Publisert 24.06.2019
Sommar og prestekrager (2).jpg

Ekspedisjonen på Rådhuset og sentralbordet er i frå 24.juni - 9.august ope mandag-fredag frå kl. 10.00-14.00.

På grunn av ferieavvikling så vil ein måtte pårekne noko lengre sakshandsamingstid i sommar. Om du treng å snakke med ein sakshandsamar så bør du gjere avtale i god tid på førehand. 

Publisert 19.06.2019
Fasade SBS.jpg

Hausten 2019 er vi i gang med nybygg og fornying av Skodje barneskule, samt fornying av uteområdet. Innan april 2021 skal heile prosjektet vere i hamn.

Skodje barneskule blir i.løpet av dei neste to åra utvida frå to- til tre-parallell, altså med med mellom anna tre klasserom per trinn. Dét treng vi med forventa elevtalsvekst det komande tiåret.

I byggeperioden vil det verte noko endra trafikksituasjon og vi oppmodar alle om å respektere og følge informasjon som vil kome knytt til både køyremønster, parkering osb. Vi går no inn i ein spesiell periode med tanke på logistikk, ferdsel og flyt. Då er det flott om vi alle viser naudsynte omsyn og litt ekstra tålmod.

Publisert 13.06.2019
Kart over Skodje kommune

Skodje kommunestyre vedtok kommuneplanen sin arealdel for Skodje 2019 - 2029 i møte 14.3.2019.

Delområde i den nye arealplanen vart unnateke rettsverknad i påvente av avklaring med fagmyndigheiter. Dette omfatta mellom anna del av område på Digernes (BN1).

Kommunestyret vedtok i møte 11.6.2019 i PS-sak 35/19 ny avgrensing av arealføremål BN1 på Digernes.

Kommunestyret sitt vedtak er bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak, jf. plan- og bygningslova § 1-6.

Vedtaket vert kunngjort i tråd med plan- og bygningslova § 11-15.

Publisert 13.06.2019
Reguleringsplan gang- og sykkelveg kirka - Olmanngjerdet endeleg plankart

Kommunestyret godkjente i PS-sak 36/19 i møte 11.6.2019 reguleringsplan for gang- og sykkelveg frå Skodje kyrkje til Olmanngjerdet, datert 2.5.2019.

Publisert 24.05.2019
Miljøgata i Skodje.JPG

 I møte 11.6.2019 i PS-sak 34/19 godkjente kommunestyret ny trafikktryggingsplan for Skodje kommune med handlingsplan.

Dette er ein temaplan, og den har ikkje juridisk binding.

 

Publisert 22.05.2019

Turstiar, turløyper, ballbingar, klubbhus, motorsportanlegg, skianlegg, trimparkar – lista er
lang over kva det kan søkjast spelemidlar til.
Skodje kommune inviterer med dette idrettslag, skyttarlag, burettslag, velforeiningar og andre
til å melde inn prosjekt. 

Publisert 21.05.2019
IMG_0116.jpg

Fornying/opprusting av lysløypa på Skodje startar om få dagar. Arbeidet skal vere ferdig seinast første veka i oktober.

Opprustinga består i å legge nye og fleire stikkrenner, gjere grøftrensk, legge berelag og toppdekke, breidde 3 – 3,5 m. I tillegg utskifting av elektriske kablar, og overgong til LED-lys i lysmastene. Det skal og lagast ny universelt utforma tilkomst til utkikspunktet rett sør for Skodje barneskule.

Sikkerheitstiltak:
Vi oppmodar alle til å halde god avstand til områda der arbeidet går føre seg. Dette både for eigen sikkerheit og for å unngå å seinke arbeidet.

Publisert 20.05.2019
Plankart trafikkavvikling til heimesida - offentleg ettersyn.JPG

I møte 14.5.2019 i PS-sak 33/19 vedtok det faste planutvalet å legge reguleringsplan for trafikkavvikling for skuleområdet i Skodje sentrum ut til offentleg ettersyn.

Publisert 13.02.2019

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne, jamfør lov om folkehelsearbeid.

Folkehelseprofil 2019 (PDF, 1021 kB)

Publisert 19.12.2018
fellesnemnda_150218_alesund-crop.jpg

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune allereie er sett i drift. Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020. 
Les meir om valet 2019 på nye Ålesund sine nettsider.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a