Kva skjer?

juli 2017
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   
Publisert 03.02.2016

Søknadsfrist for å søke om spesialundervisning for vaksne ved Vaksenopplæringa, Prestemarka, er 15. februar 2016.

Søknadsskjema

Publisert 01.02.2016
12633764_843150249129006_1083220993025660659_o[1].jpg

 

Skodje Fotoklubb har siste par vekene montert mange bilde i Gomerhuset. Både i opnesoner og fleirbruksrom blir vi no møtt av vakre fotografi.

Alle bilda er dekorative, og det er ein variasjon av teknikkar, motiv og kunstnarlege tilnærmingar.

Bilda er strålande tilskot til Gomerhuset som kulturell møteplass.

 

Publisert 29.01.2016

Kommunen brukar opplysningar frå Folkeregisteret og fleire telefonnummerdatabaser for å nå innbyggjarane med varsling på SMS. Av ulike grunnar er det enkelte som ikkje får varsel. Den vanlegaste grunnen er at telefonabonnementet er registrert på andre, til dømes arbeidsgjevar.

Du kan kontrollere og endre opplysningane dine her: http://cdm.ums.no.

Meir informasjon om SMS-varsling.

Publisert 25.01.2016

Statens kartverk har i to brev til Skodje kommune, dat 07.01.16 gitt melding om at det er gjort slike vedtak:

Namnesak 2013/21
Gardsnamnet til gardsnummer 38 får vedteke skrivemåten Tyssebru

Bruksnamnet til bruksnummer 1 får vedteke same skrivemåte: Tyssebru
Bruksnamnet til bruksnummer 2 får vedteke skrivemåten Tyssebruvåg
Namnet på eit nes får vedteke skrivemåten Tyssebruneset

Namnesak 2013/19
Gardsnamnet til gardsnummer 14 får vedteke skrivemåten Håem

Bruksnamnet til bruksnummer 1, 2 og 3 får vedteke same skrivemåte: Håem
Bruksnamnet til bruksnummer 4 får vedteke skrivemåten Håemsvik

Klikk på overskrifta, og les meir om klagerett

Vedtaksbrev Tyssebru (PDF, 790 kB)

Vedtaksbrev Håem (PDF, 768 kB)

Publisert 14.12.2015

Utvikbygda vel- og idrettsforening har hatt ei imponerande anleggsutbygging siste åra.

Det gjeld m.a. gjenoppbygging av grendehuset som brann ned, turveg frå Mørkeset mot Juvågen og rydding og merking av fleire turstiar mot Storrota og Salbunakken.

Siste prosjekt, som enno ikkje er avslutta, er bygging av gapahuk på Sætra på Mørkeset.

Publisert 04.12.2015
Bruktbuda2

Bruktbuda ved Prestemarka bu og dagtilbod ønsker seg flere brukte ting. Vi tar i mot det meste utenom bøker og større møbler.

Publisert 04.09.2015

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er unnateke søknadsplikt, må du gje beskjed til kommunen slik at det du har bygd vert teikna inn i kommunen sine kartdata.
Du gir beskjed ved å fylle ut og sende inn skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt.

Publisert 04.09.2015
Naboen byggjer

Frå 1. juli kan naboen din setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter utan å søkje kommunen eller seie frå til deg.
Det er lurt å ta ein naboprat før du eventuelt kontaktar kommunen. Då får du sikkert vite meir om kva naboen din byggjer, og kvifor du ikkje har fått beskjed. Men det er smart at du òg set deg inn i dei nye reglane.

Publisert 28.08.2015


Skodje helsesenter har fått ny heimeside: skodjehelsesenter.no.

Her kan du bestille time og reseptar, og motta beskjedar og blodprøvesvar frå lege.

Publisert 28.08.2015

Fra 1. september 2015 blir det lettere å huske telefonnummeret til legevakta. Da kan du ringe det sekssifrede nummeret 116 117 uansett hvor du er i landet.

 

Publisert 01.01.0001
Husbanken

Alle bostøttemottakarar får nytt vedtak i juli.

Eventuelle endringar i vedtaket frå juli kan skuldast nye satsar, feriepengar og nytt skatteoppgjer.

Les vedtaksbrevet frå Husbanken ved å gå inn på "Les digital post" og logg inn med elektronisk identifikasjon. I vedtaksbrevet står det forklart kva eventuell endring skuldast.

Dersom du får avslag på bostøtte på grunna av for høg inntekt vil søknaden om bostøtte automatisk bli overført til neste månad.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri