Kvifor ei kommunereform?
Stortinget har bede kommunane greie ut og vurdere korleis ein best kan utøve mynde, ivareta demokratiet, levere tenester og drive god samfunnsutvikling innan avgrensa økonomiske rammer i framtida.
Kommunane har difor signert ein intensjonsavtale om å etablere ein felles kommune som kan møte desse utfordringane.
Kva er ein intensjonsavtale?
Ein intensjonsavtale er resultatet av forhandlingar mellom kommunane som saman ønskjer å byggje opp ei ny kommune. Avtalen er ikkje juridisk bindande, den syner kva for prinsipp ein ønskjer å leggje til grunn for arbeidet fram mot den nye kommunen. Nokre av kommune har inngått fleire intensjonsavtaler. Ei fellesnemnd med representantar frå dei deltakande kommunane skal med utgangspunkt i intensjonsavtalen ha ansvar for å styre prosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til ny kommune vert sett i verk 1.1.2020.
Før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni, skal innbyggjarane få uttale seg om intensjonsavtalen.
Kva er det forhandla om?
Kommunereforma set søkelys på at det offentlege står framfor utfordringar som stiller større krav til kommunane. I arbeidet med intensjonsavtalen har partane drøfta, og vorte sams om, felles prinsipp for korleis dei best kan løyse spørsmål innafor arealplanlegging, kollektivløysingar, samferdsle, lokaldemokrati, tenester og økonomi.
Tidsaspekt
• Innan 1. juli 2016 skal kommunane ha gjort vedtak om dei skal slå seg saman.
• Fylkesmannen skal godkjenne vedtaka og legg 3 . oktober 2016 fram si tilråding.
• Juni 2017 : Stortinget fattar vedtak om ny kommunestruktur og nye oppgåver.
• September 2019 kommunestyreval til nye kommunar.
• Kommunesamanslåingane trer i kraft 1. januar 2020.