Vassforsyning

Trykkaukingsstasjon Glomset - Klikk for stort bilete

Skodje kommune leverer vatn til husstandar i Skodje sentrum frå Grindvika til Skodjevågen/Furlia, til Valle, Svorta, Glomset og delar av Engesetdalen, Stette og Opskar.

Nærare beskrivelse av eksisterande leidningsnett m/installasjonar, og oversikt over framtidige investeringar går fram av hovudplan for vassforsyning 2009-2013 (PDF, 2 MB)

Sist endra 16.10.2019
Vassbehandlingsanlegg Storsætra - Klikk for stort bilete Høgdebasseng på Stette - Klikk for stort bilete Vassbehandlingsanlegg Storsætra/innvendig - Klikk for stort bilete

Vassverk 
Skodje kommune eig og driftar Skodje vassverk, Vasskvaliteten blir jamnleg kontrollert gjennom vassprøvar etter eige program. Skodje kommunale vassverk vart godkjent av Mattilsynet den 20.12.2005

Drikkevassanalysar
Det er Aurofins Norsk matanalyse som står for analyse av drikkevasskvaliteten i Skodje kommune. Døme på Analyserapport frå Norsk Matanalyse (PDF, 448 kB) , ligg her.

Ved innstilling av oppvaskmaskin
Nye vaskemaskiner kan tilpassast vatnet hardhet.
Hardhet total, er målt til 0,3 .dH(målemetode)MA 401:1990.

Vassmålar
Etter gjeldande forskrift om vass - og avløpsgebyr med betalingsregulativ for Skodje kommune, kan abonnenten krevje installasjon av vassmålar. Næringseiegedommar inkl. gardsbruk og offentleg verksemd skal ha vassmålar. Meldeskjema for installasjon av vassmålar ligg her. (PDF, 46 kB)

Tilknyting til offentleg vassforsyning
Sjå artikkel under under for nærare informasjon samt søknadsskjema for tilknyting.

Abonnementsvilkår
Skodje kommunestyre vedtok 22.09.2009 at standard abonnementsvilkår for vatn og avløp, (tekniske og administrative bestemmelsar (PDF, 134 kB)) utarbeidd av KS, skal gjelde for Skodje kommune.