Prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune

Bilete av Anne Berit Støyva Emblem.jpg - Klikk for stort bilete  Anne Berit Støyva Emblem har fått tilbod om å bli prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune.

Det er arbeidsutvalet for dei fire kommunane som per i dag utgjer den nye kommunen, som har tilbydd Støyva Emblem stillinga. Arbeidsutvalet består av ordførarane frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

- Anne Berit Støyva Emblem (43) utmerka seg i søkarbunken som ein særs godt egna kandidat, seier Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje.

- Med lang og variert erfaring med prosessleiing i offentleg sektor og ansvar for ei rekke omstillings- og endringsprosjekt har ho svært god bakgrunn for stillinga. Tilbakemeldingar frå tidlegare arbeidsgivarar bekreftar gode leveransar og høg fagleg kvalitet.


Anne Berit Støyva Emblem har hovudfag i administrasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, vekta ligg på kommunal og regional organisering. Vidare har ho åtte års erfaring frå Kystverket sin HR-stab der omorganisering har vore dei viktigaste oppgåvene. Tilsvarande oppgåver har ho hatt i Politidirektoratets prosjektstab, der ho arbeidde i sju år. Ho er oppvaksen i Stryn og flytta frå Oslo til Ålesund saman med familien i 2009.


Stillinga hadde søknadsfrist 6. desember og det kom inn 14 søknader. To personar vart innkalla til intervju.
Støyva Emblem kan gå inn i stillinga som prosjektkoordinator i januar etter å ha fått permisjon frå sin noverande jobb i Kystverket.


Les meir om stillinga


For meir informasjon kontakt:
Ordførar i Skodje Dag Olav Tennfjord: 971 75 730
Ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal: 022 94 785
Anne Berit Støyva Emblem: 922 43 364

Sist endra 12.12.2016 10.18