Arbeidsgivaransvaret i kommunereforma

Gardermoen KS-seminar januar.JPG - Klikk for stort bilete

Korleis skal vi handtere omorganisering og overtallighet i kommunereformen? Når bør leiarar- og  nøkkelstillingar vere på plass? Korleis bygger vi ein ny organisasjon og kultur? Mange spørsmål var oppe til diskusjon på KS-seminar om kommunereform.

Målet med seminaret var å bevisstgjere kommunar som skal slå seg saman om å jobbe med arbeidsrettslege spørsmål og få til gode medverkningsprosessar.

Frå nye Ålesund var personalsjefane i dei fire kommunane med saman med tillitsvalde, verneombod og eit felles vald hovedverneombod.  I tillegg var alle rådmennene, ordførarane og andre politikarar til stede. Til saman var det 26 representantar frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som var på seminar på Gardermoen 25. - 26. januar.

I tillegg til å diskutere viktige arbeidsrettslege spørsmål som vil dukke opp i ein slik prosess, arbeida vi i grupper med tankar rundt kommunikasjon og ulike styringsdokument i prosjektorganiseringa.

Delseminar

Mot slutten av seminaret delte vi oss i delseminar:

  • Folkevalgtes arbeidsgivaransvar
  • Kommunikasjon
  • Styringsdokument

Ute på KS sine heimesider kan du sjå videoopptak frå alle innlegga. Alle presentasjonane frå seminaret ligg også ute i saken Arbeidsgiveransvar ved kommunesammenslåing

Sist endra 03.02.2017 15.10