Følg det felles kommunestyremøtet for nye Ålesund direkte

133 politiske representantar frå dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund samlast til felles kommunestyremøte 21. juni i gamle Ålesund. Du kan følge møtet direkte frå klokka 15.00 til ca. klokka 19.00. Møtet blir halde på NMK (Norsk maritimt kompetansesenter).

Du kan følgje det historiske møtet ved å klikke på lenka lenger ned i denne artikkelen.

Det er Fylkesmannen som har kalla inn dei fem kommunane i nye Ålesund til felles kommunestyremøte. Stortinget vedtok 8. juni at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokalt vedtak. Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund har frivillige vedtak.

Følg møtet


Det er også mogleg å følge møtet på Facebooksida Tilsette i nye Ålesund kommune.

Program

15.00 – 17.00: Felles kommunestyremøte med drøftingar. Det skal ikkje treffast vedtak i det felles kommunestyremøtet, møtet er av prosessleiande karakter.

17.00 – 19.00: I forlenging av fellesmøtet blir det gjennomført separate kommunestyremøte der kvart kommunestyre formelt handsamar drøftingssakene. Alle blir sittande i salen under begge møta til alle kommunestyra er ferdige.

Rekkefølga på dei separate møta er:

  • Ålesund
  • Ørskog
  • Skodje
  • Sandøy
  • Haram

Saker

Saker som må drøftast på det felles kommunestyremøtet:

  • Forslag til namn på den nye kommunen
  • Talet på medlemmer i det nye kommunestyret
  • Kriterium for samansetting av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i inndelingslova
  • Val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  • Opprettinga av eventuelt andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga

Dei separate kommunestyremøta skal gjere vedtak i dei same sakene.

Innkalling frå Fylkesmannen til felles kommunestyremøte for nye Ålesund 21. juni 2017

Saksframlegg frå Fylkesmannen til det felles kommuenstyremøtet for nye Ålesund 21. juni 2017

 

Sist endra 23.06.2017 09.38