Næringsverksemd i Skodje

Digerneset næringspark i utvikling.jpg - Klikk for stort bileteDigerneset næringspark i utvikling.jpg

Skodje kommune har variert næringsverksemd, med mellom anna handel, industri, oppdrett og jordbruk.

Det er tre industriområder i kommunen; på Håhjem, Stette og Digerneset.

På Håhjem industriområde og Stette industriområde har det vore mindre utvikling siste åra, men der er ledige tomter.

Digerneset næringspark er området det har vore størst utvikling på siste åra. Store nasjonale og internasjonale konsern har etablert seg her.

Elles er det ulik handelsverksemd i sentrum av Skodje.

Sist endra 02.02.2017 12.24