Skule- og barnehageområdet i Skodje sentrum

Skulebygning 01 - Klikk for stort bilete Skodje kommunestyre har vedtatt i økonomiplanen for 2017-2021:

  • Utviding av Skodje barneskule, avd. Skodje
  • Utbetring uteområda på Skodje ungdomsskule og Skodje barnehage
  • Ny trafikkavvikling ved skuleområde i Skodje sentrum

Desse prosjekta krev at ein ser på heile området som ein heilskap.

Norconsult AS har fått i oppdrag å utarbeide prosjekta.

Øystein Eltvik er kontaktperson for prosjekta.

Utviding av Skodje barneskule, avd. Skodje

Det er viktig å tenke langsiktig og heilskapleg, og planlegge for framtida. Ein ser også difor på korleis Skodje ungdomsskule kan renoverast og utvidast, men dette er eit prosjekt ein ikkje ser for seg kan ta til med det første. 

Det har vore ein omfattande kontakt med tilsette, elevar og foreldrearbeidsutvala ved skulane for å kartlegge behov. Du kan lese meir om dette i rom- og funksjonsprogrammet for Skodje barneskule og Skodje ungdomskule som er utarbeida av konsulentfirmaet Norconsult AS. 

Rom- og funksjonsprogram - Skodje barneskule, avdeling Skodje (PDF, 28 MB)

Rom- og funksjonsprogram - Skodje ungdomsskule (PDF, 28 MB)

Det har blitt utarbeidd skisseprosjekt for utvidinga av Skodje barneskule. Planlagt prosjektoppstart er hausten 2019.

Planteikningar (PDF, 8 MB)

Utbetring av uteområdet på Skodje ungdomsskule

Ved Skodje ungdomsskule vart uteområdet utbetra i 2018. Desse utbetringane vil ein ta med seg vidare i den endelige plana for uteområdet.

Planteikning for utbetring av uteområde ved Skodje ungdomsskule (PDF, 660 kB)

Utbetring av uteområdet på Skodje barnehage

Uteområde ved Skodje barnehage skal utbetrast. Norconsult AS har i samarbeid med tilsette ved barnehagen, einingsleiar og tilsette ved teknisk avdeling utarbeidd skisse for korleis utområdet skal bli.

Det er planlagt forskjellige leikesoner på uteområdet, mellom anna sykkeløype, klatreskip med gummiunderlag,femkanthuske og eit kombinasjonsområde med amfi, klatrenett og terrengsklie. I tillegg til nytt leikeutstyr er det nødvendig med terrengarbeid og ny drenering.

Planlagt oppstart av prosjektet er hausten 2019.

Planteikning for utbetring av uteområde ved Skodje barnehage (PDF, 3 MB)

Trafikkavvikling ved skulane og barnehagen

Det er viktig å få til ei trygg trafikkavvikling for barna som skal ferdast til og frå skulane og barnehagen. Det vil bli utarbeid forskjellige løysingar på korleis trafikkavviklingane kan bli gjennomført. 

Detaljregulering for trafikkavvikling ved skuleområdet i Skodje sentrum vart lagt til offentleg ettersyn 23.5.2019.

Du kan lese meir om den valde planløysinga i plandokumenta:

Plankart (PDF, 4 MB)
Føresegner (PDF, 5 MB)
Planomtale (PDF, 17 MB)

Sist endra 03.06.2019 10.44