Nyløa fekk torvtak

Torvtaklegging.jpg - Klikk for stort bilete I dag hadde elevar frå valfaget Levande kulturarv invitert resten av 10.trinnet til torvtakdugnad på den nye grindløa dei har bygd ved sidan av Gomerløa. 

Geir Ola Vatne.jpg - Klikk for stort bilete

Etter ein teoritung vår, og med både skriftleg og munnleg eksamen særdeles vél unnagjort, var det kjekt å sjå ungdommeleg arbeidslyst, smil og glede gå hand i hand med hardt, praktisk arbeid.  knappe tre timar var taket på vel 35kvm lagt, så det var kanskje ikkje så rart at brennsnuten gjekk unna til lunsj!

Dette er tredje løa våre elevar både har bygd og lagt torvtak på dei siste sju-åtte åra. Til saman utgjer dei eit lite klyngetun som ligg idyllisk til på ei furukledd lita høgde vest for ungdomsskulen, ved trimløypa.

Takk til alle som med stor innsats bidrog til ein drivande fin dugnadsdag, ikkje minst til gjengen frå faget Innsats for andre som stilte med dugndadsmat. 

Særskilt takk til valfaglærar og grindbygg-general Geir Ola Vatne. Han er ein stor kulturformidlar innan lokal byggeskikk og handverk, og i tillegg har han eit uvanleg godt handelag med ungdommane.

Sist endra 13.06.2018 19:22