Reguleringsplan for Storbakken - Endeleg godkjenning K-sak 03/19

Storbakken Plankart - endeleg - Klikk for stort bilete I møte 31.1.2019 vedtok Skodje kommunestyre med heimel i plan-og bygningslova § 12-12, reguleringsplan for Storbakken, slik den ligg føre med plankart, reguleringsføresegner og planomtale, datert 21.12.2018.

Planområdet ligg nord for fv 661 i Skodje sentrum, og dekkjer eit areal på om lag 26 daa. Planområdet omfattar fleire eigedomar under gnr. 23. Området er planlagt for ulike bustadtypar med tilhøyrande vegar, gangvegar, leikeareal og friområde. Det nye bustadområdet er planlagt med tilkomst frå Niusvegen.

Stadfesta reguleringsplan er bindande innanforplanområdet for alle arbeid og tiltak etter plan-og bygningslova §§ 20-1, 20-2, 30-1 og 30-4. Det same gjeld frådeling, og anna bruk som kan vanskeleggjere gjennomføring av planen.

Krav om erstatning eller innløysing etter §§ 15-2 og15-3 i plan-og bygningslova, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa. Slike krav skal rettast til kommunen.

Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter denne kunngjeringa. Eventuelle klager skal grunngjevast og sendast Skodje kommune, 6260 Skodje, til førebuande handsaming.

Dokument:

Vedtak med saksframlegg (PDF, 558 kB)
Plankart (PDF, 5 MB)
Føresegner (PDF, 7 MB)
Omtale

Sist endra 05.02.2019 11:32