Bålforbod frå 12. april 2019

Bål - Klikk for stort bilete Brannsjefen har vedteke forbod mot å gjere opp eld utandørs i Skodje kommune. Forbodet gjeld frå 12. april 2019 kl. 18.00 og inntil situasjonen endrar seg.

Mange dagar utan nedbør, kombinert med kulde og vind, gjer gras- og lyngbrannfaren stor. Vidare framover er det varsla fortsatt tørre forhold og lett vind.

I tillegg til gjeldande forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark, vert det innført forbod mot bruk av open eld i innmark. Forbodet vil dermed omfatte flatebrenning og lyngsviing. I tillegg er det ikkje lov å brenne hageavfall. Slik tilhøva er no, er det heller ikkje ikkje tillate å nytte dei tilrettelagde bål- og grillplassane i kommunen.

Forbodet omfattar bruk av all open eld som kan antenne gras, skog og liknande, og gjeld f.o.m. 12. april 2019 kl. 18.00 og inntil situasjonen endrar seg.

Sist endra 23.04.2019 13.35