Kunngjering - godkjenning av område BN1 i ny arealdel til kommuneplan

Kart over Skodje kommune - Klikk for stort bilete

Skodje kommunestyre vedtok kommuneplanen sin arealdel for Skodje 2019 - 2029 i møte 14.3.2019.

Delområde i den nye arealplanen vart unnateke rettsverknad i påvente av avklaring med fagmyndigheiter. Dette omfatta mellom anna del av område på Digernes (BN1).

Kommunestyret vedtok i møte 11.6.2019 i PS-sak 35/19 ny avgrensing av arealføremål BN1 på Digernes.

Kommunestyret sitt vedtak er bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak, jf. plan- og bygningslova § 1-6.

Vedtaket vert kunngjort i tråd med plan- og bygningslova § 11-15.

Kommuneplanen sin arealdel fastsett framtidig arealbruk for heile kommunen. Tiltak etter § 1-6 må ikkje vere i strid med planen sitt arealføremål og generelle føresegner, eller føresegner knytt til arealføremål og omsynssoner.

Det er nokre områder som kommunestyret har vald å unnta midlertidig frå arealplanen, og her gjeld framleis arealføremålet som vart vedtatt i førre arealplan i 2007. Dette gjeld desse områda:

- Nytt bustadområde på Skodje indre (B7) saman med planlagt badeplass (GF3)

Kommunestyret sitt vedtak kan ikkje påklagast, jf. plan- og bygningslova § 11-16.

PS-sak 35/19 - Saksdokument

Sist endra 13.06.2019 09.56