Vi ønskjer mange kandidatar til kultur- og eldsjelpris 2019

 I år vil Skodje kommune tildele både kulturpris og eldsjelpris.

Utan frivillege lag og dugnadsinnsats ville det sett annaleis ut i både bygd og by.

Kor, korps, idrettslag, teaterlag, ungdomslag, speidar, barneforeiningar, velforeiningar og mange andre legg til rette for sosiale og kulturelle møteplassar - og med det meiningsfulle aktivitetar som skaper trivsel og tilhøyrsle.

Forslag på kandidatar skal sendast som epost til magne.fylling@skodje.kommune.no eller i brev til Skodje kommune, Rådhuset, 6260 Skodje, med frist 10. sept. 2019.

Eldsjelpris

STATUTTAR FOR TILDELING AV ELDSJELPRISEN

1. Formål

Eldsjelprisen skal delast ut kvart år til ein person som har ytt ein særleg stor friviljug innsats i Skodje kommune. Arbeidet skal vere knytt til humanitære eller kulturelle tilhøve i kommunen. Prisen kan delast på fleire.

2. Prisbeløp m.m.

Formannskapet vedtek 1. året i valperioden kor stor prisen skal vere for heile valperioden. I tillegg til prisbeløpet skal prisvinnaren tildelast eit bilete av Skodjebruene. Vert prisen tildelt fleire personar skal prisbeløpet delast likt

3. Annonsering og framlegg

Eldsjelprisen skal annonserast i lokalpressa, på kommunen si heimeside og i Kommunenytt. Enkeltpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar. I tillegg kan formannskapet kome med framlegg til kandidatar. Alle framlegg skal vere skriftlege med grunngjeving.

Framlegga må vere kommunen i hende innan 15. september.

4. Vedtak om tildeling av prisen

Formannskapet gjer vedtak om tildeling av eldsjelprisen. Prisen skal delast ut under eit arrangement i kulturveka eller anna passande arrangement same året. Det er ordføraren som skal stå for overrekkinga.

 

Tidlegare prismottakarar:

2018: Bodil Grindvik Uri

2017: Harald Honningdal

2016: Hilmar Stein

2015: Kåre Urke

2014: Paul Birger Tysnes

2013: Kjell Sve

2012: Jon Arne Torset

2011: Erna Svorte og Arne Lid Skodje

2010: Hilda Ytreberg

2009: Inga tildeling

2008: Karsten Grindvik

2007: Randi og Ole Johan Erstad

2006: Gunnar Hamnøy

2005: Odd Grande

2004: Konrad Fremmerlid

2003: Øystein Strømsvik

2002: Skodje Røde Kors, besøkstenesta

2001: Klara Grindvik

 

Kulturpris

STATUTTAR FOR TILDELING AV KULTURPRIS

1. Formål

Kulturprisen skal delast ut annakvart år til ein person eller organisasjon som har ytt ein særleg stor innsats i Skodje kommune for å fremje kulturarbeidet eller gjere kultur tilgjengeleg for innbyggarane i kommunen.

Prisen kan delast på fleire.

2. Prisbeløp m.m.

Formannskapet vedtek 1. året i valperioden kor stor prisen skal vere for heile valperioden. I tillegg til prisen skal prisvinnaren tildelast eit bilde av Skodjebruene. Vert prisen tildelt fleire personar skal prisbeløpet delast likt.

3. Annonsering og framlegg til kandidatar

Kulturprisen skal annonserast i regionavis, lokalavis, kommunen si heimeside og i Kommunenytt.

Enkeltpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar. I tillegg kan formannskapet kome med framlegg til kandidatar. Alle framlegg skal vere skriftlege med grunngjeving.

Framlegga må vere kommunen i hende innan 15. september.

4. Vedtak om tildeling av prisen

Formannskapet gjer vedtak om tildeling av kulturprisen. Prisen skal delast ut under eit arrangement i kulturveka eller anna passande arrangement same året. Det er ordføraren som skal stå for overrekkinga.

 

Tidlegare prismottakarar:

2017: Jan Helge Andreassen

2015: Reidulf Erstad

2013: Lars Ørjasæter

2011: Harald J. Skodje

2010: Magne Fremmerlid

2007: Skodje idrettslag

2005: Skodje blandakor

2003: Louis Karsten Giske

2001: Jens Moe/Fjord Cadenza

1999: Skodje Lions

1997: Ikkje utdelt pris

1995: Kårhild Ramstad

1993: Olgar Stenseth

1991: Klara Strand

1989: Jostein Olav Engeset

Sist endra 08.08.2019 11.09