Viktig informasjon om NAV Storfjorden

nav.png - Klikk for stort bilete Grunna kommunesamanslåingar vert NAV Storfjorden avvikla ved årsskiftet. 
NAV sine tenester vil frå 1. januar 2020 verte ytt av nye NAV Ålesund.

​Dette gjeld for dei kommunane som i dag har tenester frå NAV Storfjorden: Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal.
Les resten av artikkelen for utfyllande informasjon om opningstider og annen informasjon.

 

I samband med avviklinga vert det endringar i tilbodet knytt til publikumsmottaka i dagens NAV Storfjorden.
Siste opningsdag for publikumsmottaka til NAV Storfjorden er:

  • Ørskog, onsdag 13. november 2019
  • Skodje, fredag 13. desember 2019
  • Valldal, onsdag 18. desember 2019

Brukarsamtalar i perioden fram mot nyttår gjennomførast etter nærmare avtale med NAV- rettleiar.
I romjula vil NAV - rettleiarar vere til stades på rådhusa i Skodje og Ørskog for bistand i naudstilfelle.
For kontakt med NAV etter stenging av publikumsmottak viser vi til våre nettsider på nav.no, eller NAV Kontaktsenter på telefon 55 55 33 33.

Sist endra 11.11.2019 13.36