Tilskot frå Bufdir til Barne- og ungdomstiltak

timothy-choy-695130-unsplash_youth.jpg - Klikk for stort bilete Søknadsfrist for å søke tilskudd frå Bufdir er 13. desember. Lag, foreiningar og andre kan søke pengar til opne møteplassar for barn  og unge.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har no ute ei tilskotsordning til barn og unge i alderen 10 til 20 år, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Tilskotsordninga er meint å stimulere til etablering og utvikling, snarare enn å gi driftstilskot.
Ein kan søke om støtte til tiltak/prosjekt som vidareutvikler eller etablerer opne og inkluderande møteplassar for målgruppa. Støtte gjennom tilskotsordninga er i utgangspunktet avgrensa til tre år og det er krav om ein konkret plan for vidareføring for tiltak som mottek støtte.

Sjå meir om tilskotsordninga og søk inne på Bufdir si nettside innan 13. desember. 
 

Sist endra 26.11.2019 09.41