Kva skjer?

april 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
25262728293031
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345
Komande hendingar
   

Vårrydding i kommunen vår

Plastreturs-Miljøprosjekt.jpg - Klikk for stort bilete Våren er i anmarsj, og det er behov for utandørs opprydning.
Skodje kommune vil også i år legge til rette for ein fellesdugnad, og oppmodar både frivillige lag og innbyggarar elles til å delta.

Ta kontakt med magne.fylling@skodje.kommune.no  (tlf 48300559) om kva måte du ev. vil vere med og rydde.

Ryddeaksjonen er todelt:

Hold Norge Rent – Strandryddeaksjon
Det blir strandryddeveke 29.04.-05.05. og gjeld soner/område langs fjordar og vassdrag. Sekkar (gjennomsiktige) og hanskar vert distribuert frå lager på Gomerhuset.

Årim vil ikkje reise rundt og hente avfall i år. Men dei kan setje ut konteinar der sekkane kan hivast oppi. Elles blir folk oppmoda om å levere avfall på mottaksplassane, f eks Bingsa.

Friluftsrådet vil bruke Skjergardsbåten til å hente søppel som blir samla på plassar som er utilgjengeleg frå landsida, men berre der båten kan legge til.

Engasjert strandryddar Odd Arne Maridal har registrert ein del område som bør ryddast.

Rydding andre stader enn strender og område ved vassdrag
Det vil vere råd å få svarte sekkar på Gomerhuset. Årim vil ta med avfallet på den ordinære renovasjonsruta for restavfall.

Årim treng to opplysningar:

  • Kvar på ruta sekkane blir sett fram
  • Når (dato) sekkane blir sett fram

Desse opplysningane skal sendast til magne.fylling@skodje.kommune.no, som melder vidare til Årim.

NB! Ulike refusjonsordningar for mottak av avfallet er grunnen til at vi må operere med to ryddeaksjonar med ulike sekkar og ulik avfallshenting.

Vedlagt følgjer oppsett over allereie planlagde ryddeaksjonar (DOCX, 23 kB) og kart over område som bør ryddast. (DOCX, 567 kB)

Sist endra 11.04.2019 09:23
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a