Kva skjer?

juni 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
1234567
Komande hendingar
   

Kunngjering - Revidert trafikktryggingsplan med handlingsplan

Miljøgata i Skodje.JPG - Klikk for stort bilete  I møte 11.6.2019 i PS-sak 34/19 godkjente kommunestyret ny trafikktryggingsplan for Skodje kommune med handlingsplan.

Dette er ein temaplan, og den har ikkje juridisk binding.

 

Trafikktryggingsplanen gir ei samla oversikt over relevant kunnskap om trafikken i Skodje, samstundes som den gir råd om tiltak for å få ned talet på ulykker. Trafikktrygging er meir enn tiltak retta mot fysisk sikre vegar. Trafikktrygging handlar også om haldningar og oppførsel i trafikken, opplæring og adferdsretta arbeid.

Hovudføremålet med planen er å ha ein plan som kan vere med på å bidra til å gjere Skodje kommune til ein meir trafikktrygg kommune. Planen omfattar vurderingar og tiltak på alle offentlege vegar i kommunen; europavegen, fylkesvegane og dei kommunale vegane. Trafikkfarlege stader har blitt kartlagt og fysiske og haldningsskapande tiltak har blitt prioritert.

Nullvisjonen er eit felles fundament for alt trafikktryggingsarbeid. I tråd med nullvisjonen vert tiltak retta mot å redusere tal ulykker og skadeomfang ved møteulykker, ulykker ved utforkøyring, samt ulykker med gåande og syklande trafikantar. Det er lagt til grunn ei oppdatert oversikt over nasjonale og regionale målsetjingar og føringar i den reviderte planen, og tankesettet i nullvisjonen er lagt som premiss for planen, og det gjeld for all kommunal aktivitet.

Plandokument

Trafikktryggingsplan 2019 - 2022 (PDF, 2 MB)

Vedlegg 1 - Handlingsplan - Tiltaksliste for vegtiltak (PDF, 803 kB)
Vedlegg 2 - Rettleiar for trafikksikker kommune (PDF, 9 MB)
Vedlegg 3 - Skadekostnader (PDF, 381 kB)

Vedtak i PS-sak 34/19 frå møte 11.6.2019

Sist endra 14.06.2019 08:33
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a