TV-aksjonen 20. oktober 2019

hovedlogo_tva_2019_rgb.jpg - Klikk for stort bilete Årets TV-aksjon skal skape eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områder i verda. Kvinner skal få høve til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få stemma si hørt.
Aksjonsmidlane skal gå til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.Her kan du lese om aksjonen i fylket vårt.

Skodje treng hjelp til bøssebæringa, og vonar du vil bli med og hjelpe til med det gode formålet.

 

Kommunekommitéen i Skodje vil vere til stades på Skodjedagane begge dagar. Sjå etter oss, meld deg på og skaff deg meir informasjon der.

 

Sist endra 13.09.2019 20.49