Kva skjer?

oktober 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Spørjeundersøking om helse og sjukdom

Professor Inger Torhild Gram leiar arbeidet med undersøkinga - Klikk for stort bileteProfessor Inger Torhild Gram leiar arbeidet med undersøkinga Innbyggjarar i Møre og Romsdal er valde ut til å vere mottakarar av ei ny, digital spørjeundersøking om helse og sjukdom.

Det er Nasjonalt senter for e-helseforskning som har ansvar for undersøkinga, som foregår via mobiltelefon/SMS.

Noreg ønskjer å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med 30 prosent innan 2030. Data frå ei ny undersøking vil gjere at helsestyresmaktene kan følgje med på utviklinga av desse sjukdomane, nemleg kreft, kols, diabetes og hjarte- og karsjukdomar.

«Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruk er såkalte helseindikatorar. Dei kan fortelje korleis framtidig helse vil bli», forklarer professor Inger Torhild Gram ved nasjonalt senter for e-helseforskning. Ho leiar arbeidet med den nye undersøkinga, som skal foregå ved hjelp av mobiltelefon.

«Undersøkinga Helse og sjukdom vil gi styresmaktene viktig informasjon på ein enkel måte, slik at dei kan setje i gang tiltak som betrar folkehelsa», forklarer professoren.

Frå og med søndag 6. oktober vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke motta ein SMS der dei vert bedne om å svare på ei kort spørjeundersøking. Det vil ta ca. fem minutt å svare.

«Vi håper så mange som mogleg vil svare. Det er vår framtidige helse det gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige», understrekar professor Gram.

Meir informasjon.


Fakta:

  • Undersøkinga «Helse og sjukdom» er Noregs første nasjonale undersøking som planegg årleg digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorar.
  • Undersøkinga rettar seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig uttrekt frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer.
  • Prosjektet er finansiert av Noregs forskningsråd.
  • Prosjektpartnarar er Nasjonalt senter for e-helseforskning, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, UiT Norges arktiske universitet.
Sist endra 10.10.2019 09:41
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a