Bedriftsbesøk på Vekst Ørskog AS

Her er gjengen som arbeider på ventilavdelinga på Ørskog Vekst - Klikk for stort bileteHer er gjengen som arbeider på ventilavdelinga på Ørskog Vekst Vekst Ørskog AS er ei arbeidsmarknadsbedrift med fire tilsette og femten VTA-plassar. Desse er fordelt med ti plassar til Ørskog, fire til Skodje, to til Stordal og ein til Norddal kommune. Bedrifta har tre avdelingar: ventilmontering/pakking for Spilka, møbelmontering/kapping og Sjøholtstrand Miljøstasjon.

Magnus Nilsen har igjen invitert ordførar på bedriftsbesøk, denne gong til Vekst Ørskog der han har arbeid tre dagar i veka. Skodje kommune har til saman fire plassar på Vekst Ørskog. Då eg kom innom i 10-pausa var det god stemning i kantina med kaffi, ledig prat og mykje spøk og moro. Dagleg leiar Rune Westerås ga deretter ei orientering om verksemda og samarbeidspartnerane i næringslivet. Mange bedrifter i området set vekk enkelte oppgåver som passar inn i konseptet til Vekst Ørskog. Det merkast diverre at det er litt roleg innanfor skipsindustrien og ein skulle gjerne hatt litt meir arbeid på møbel- og kappeavdelinga.  

Vi tok deretter ein tur innom ventilavdelinga, som passar perfekt for Vekst Ørskog. Eg traff der på Kristin Sorte som også er frå Skodje, ho er ein av dei raskaste på avdelinga og trivst veldig godt med arbeidet. Deretter tok vi nokre bilete av gjengen på ventilavdelinga, Kristin ser du med raud t-skjorte på biletet over. Vidare fekk eg ein tur innom møbelavdelinga før vi avslutta runden i kjellaren der det er miljøstasjon i samarbeid med ÅRIM. Eg fekk der vite at denne er open for alle som er busette i ÅRIM-kommunar og ein kan levere alle typar avfall. Men ein må ha med avfallskortet, akkurat som på Bingsa.

Vil du sjekke opningstider på Miljøstasjonen og liknande, kan du gå inn på denne sida:
http://www.vekst-orskog.no

 
Magnus pakkar ventilar for Spilka - Klikk for stort bileteMagnus pakkar ventilar for Spilka

Sist endra 28.06.2016 08:59