Skodje kommune tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

Pengehus - Klikk for stort bilete

Skodje kommune tilbyr AvtaleGiro og eFaktura på rekningane dine.

Avtal og opprett dette med banken din, eller i nettbank.

Kommunale avgifter - Klikk for stort bilete

AvtaleGiro
Med AvtaleGiro gir du banken i oppdrag å betale rekningar for deg til rett tid.mange faste rekningar som kommunale avgifter, husleige, heimetenester, barnehage og skulefritidsordning (SFO) kan betalast med AvtaleGiro.
La banken betale dei faste rekningane dine på forfallsdagen, utan at du mister kontroll og oversikt.

Fordelar med AvtaleGiro:

  • Banken betaler rekninga for deg
  • Slepp å huske på forfallsdatoar
  • unngå purringar

Du må inngå ein avtale med banken din som gjeld for alle rekningar du ønskjer skal betalast med AvtaleGiro. Etter dette oppgjev du til banken kva for aktuelle betalingsmottakarar du ønskjer å betale til på denne måten.

eFaktura
Ved bruk av eFaktura kjem rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken din, og vert oppbevart der. Då kan du til ei kvar tid gå inn i nettbanken og få opp bilete av både betalte og ubetalte rekningar.

Du vel sjølv når du vil betale rekninga. Sidan alt er ferdig utfylt (KID, kontonummer etc) er det berre å klikke for å betale. Om du vil, kan du få melding på e post kvar gong det kjem ei ny rekning i nettbanken din.

Fordelar med eFaktura:

  • KID, kontonummer og alt er ferdig utfylt. Det einaste du treng er å bekrefte betalinga.
  • Du har oversikt over både betalte og ubetalte rekningar i nettbanken.
  • Du kan til ei kvar tid sjå bilete av rekningane eller printe ut ved behov.
  • Du kan sjølv velge når du ønskjer å betale.

Om du vil ta i bruk eFaktura kan du enten seie ja neste gong du vert tilbydd det i nettbanken din, eller du kan aktivt gå inn i nettbanken og registrere deg for eFaktura. Du må da oppgje eFaktura-referanse som er 000+ kundenummeret ditt på faktura frå Skodje kommune. Som eFaktura-kunde vil du motta alle rekningar frå kommunen som eFaktura.

Sist endra 25.08.2016 09.34