Kva skjer?

november 2018
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012
3456789
Komande hendingar
   

Borgarleg vigsel i Skodje

Hender som formar eit hjarte (Free) - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 vart ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel overført frå Tingretten til kommunane. Her kan du lese meir om korleis dette vil bli i Skodje kommune.

Tid og stad:
Skodje kommune tilbyr vigsel i eit høveleg lokale på Skodje rådhus alle kvardagar i kontortida  som er kl. 08.00 - 16.00. Andre tidspunkt og stadar for vigsel må avtalast spesielt og det medfører ein kostnad.
For å bestille tid for vigsel må de ta kontakt seinast 4 veker før ynskt bryllupsdato på telefon 70 24 40 00 eller til postmottak@skodje.kommune.no.
Henvendingar vedrørande vigsel er unntatt offentlegheit og kjem ikkje på postlistene.

Kven kan gifte seg i kommunen?
Alle som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapsloven §12 a, kan gifte seg borgarleg i Skodje kommune.

Kostnad:
Tilbodet er gratis dersom ein av/begge partane har bustadadresse i Skodje eller er busett i utlandet men oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her.

Vilkåret for at det skal vere gratis er når ein ikkje har ynskje om ekstra pynting, alternativ vigselstad eller ynskjer vigsel utanom ordinær arbeidstid. Det praktiske må i så fall avtalast særskilt og ein gjer avtale om kostnadsdekning på førehand.  

Erklæring og attestar
Før de kan gifte dykk må de sørgje for at erklæring, forlovarerklæring og erklæring om skifte om du har vore gift før, vert fylt ut og sendt Skattekontoret (Folkeregisteret). På erklæringa skriv de den dato for vigsel som de ynskjer, sjølv om det ikkje er endeleg avtalt med kommunen.
Folkeregisteret vil sjekke om vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt.
Om så er vil Folkeregisteret skrive ut ein prøvingsattest.
Folkeregisteret rår til at de er tidleg ute då det forventa behandlingstid er på to-tre veker. Ver merksamd på at prøvingsattesten ikkje er gyldig meir enn fire månader. Den må vere gyldig på vigselstidspunktet.
Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved Skattekontoret.
Meir informasjon her: Vegen til ekteskapet - steg for steg

Send prøvingsattest til kommunen
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Original prøvingsattest må leggjast i konvolutt og leverast/sendast Skodje kommune seinast to veker før vigsel.   
Rett etter at de er vigde vil de få ein midlertidig vigselsattest frå vigslar. Endeleg vigselsattest vil ettersendast til dykk frå folkeregisteret.  

Desse utfører vigsel i regi av Skodje kommune
Ordfører og varaordfører er i ekteskapslova gitt vigselsmynde. Skodje kommunestyre har i tillegg gitt vigselsmynde til tre andre leiarar. Her er dei som har vigselsmynde:
Ordførar Dag Olav Tennfjord
Varaordførar Geir Ove Leite
Rådmann Bente Glomset Vikhagen
Assisterande rådmann Kristian Skålhavn
Avdelingsleiar Solveig Kvamme 

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane, men det kan vera andre myndige personar. Vitna må ha med gyldig legitimasjon. Om de ynskjer at kommunen stiller med vitne må dette avtalast særskilt.

Legitimasjon
Brurepar og vitne/forlovarar må vise gyldig legitimasjon til vigslaren på vigselsdagen. Vi godtek gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. Legitimasjon og namn på prøvingsattesten må stemme overeins.

Sjølve seremonien
Om ein av dykk er framandspråkleg må de på førehand avtale om seremonien skal skje på anna språk enn norsk. Om det trengs tolk så må de sjølve syte for kvalifisert tolk.

I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet.  Seremonien varer 10-15 minutter.
Seremonien kan bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over det som vigslaren les. Det må brudeparet sjølv syte for. 

Etter at vigselsformularet er lest så skal brudepar, vitner og vigslar underteikne vigselsboka.
Om de ynskjer å utveksle ringar så gje vigslaren beskjed om dette på førehand.

Det er avsett opptil 30 minutt for gjennomføring av seremonien, signering av papirer og fotografering.

Det er rom med ulik størrelse på Skodje rådhus som kan nyttast til vigsel. Det må oppgje ca kor mange de vert ved bestilling av dato, slik at vi kan reservere det rommet som er best egna med tanke på størrelse. Vi ordnar med det praktiske som oppsett av bord og stolar samt lys til seremonibordet. Ynskjer de pynting ut over dette må de avtale det på førehand og sørgje for det sjølv.

Vigselsattest
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre virkedagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Den fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå folkeregisteret.  

Sist endra 04.01.2018 14:11
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a