Kva skjer?

desember 2018
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Byggjer naboen din utan at du har blitt varsla?

Naboen_byggjer.jpg - Klikk for stort bilete Frå 1. juli 2015 kan naboen din setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter utan å søkje kommunen eller seie frå til deg.
Det er lurt å ta ein naboprat før du eventuelt kontaktar kommunen. Då får du sikkert vite meir om kva naboen din byggjer, og kvifor du ikkje har fått beskjed. Men det er smart at du òg set deg inn i dei nye reglane.


Dette er vilkår for at naboen slepp å søkje byggjeløyve og dermed også varsle deg:

  • garasjen kan vere inntil 50 kvadratmeter
  • det må vere minst 1 m frå garasjen til nabogrensa
  • det må vere minimum 1 meter frå garasjen til andre bygningar på same tomt
  • garasjen kan ha maksimal mønehøgde på 4 m
  • garasjen kan ha maksimal gesimshøgde på 3 m
  • den kan berre ha éin etasje, og ikkje kjellar


Andre bygningar som naboen kan setje opp utan byggjesøknad og utan å varsle deg:

  • bod, veksthus, søppelskur, sykkelskur, carport og vedbod.
  • bygning som òg kan nyttast til hobbyverkstad, ateliér, lysthus eller øvingslokale.


Dette må naboen varsle om
Naboen må varsle deg hvis han set opp ein bygning som er meint for overnatting, som for eksempel eit anneks eller ei hytte. Det same gjeld dersom naboen set opp ein bygning som inneheld kjøkken, stove, soverom eller våtrom. Har naboen sett i gang bygging av noko av dette, skal han òg ha søkt kommunen om byggjeløyve.


Dette gjer du dersom naboen burde ha varsla deg
Dersom storleiken og plasseringa av bygget gjer at det krevst byggjeløyve frå kommunen, skal du bli varsla først. Har du ikkje fått nabovarsel, start med å fortelje naboen at han kanskje har vore litt for rask på avtrekkjaren. Da får han høve til å rette opp feilen.
Hjelper ikkje det, kan du gi beskjed til kommunen. Det er best dersom du gjer det skriftleg, og gjerne med ein kopi til naboen. Du kan gi beskjeden anonymt, men ver klar over at naboen din vil få sjå det du sender inn, og at dokumentet vil bli registrert i postlista til kommunen.

Sist endra 18.06.2018 15:20
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a