Kva skjer?

juli 2018
tyontofrla
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

Dette må du vite før du tenner bål

Kva er generelt bålforbod?
I Norge må alle vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstend. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.
 
I tillegg har vi eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september der det er forbode å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark. Brannvesenet kan likevel gi løyve til å tenne bål, dersom du søker om dette. Sjekk alltid kva slags reglar som gjeld for din kommune før du tenner bål.
 
Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då være omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ønskjer å tenne bål eller grille, må ein søke om løyve frå kommunen.
 
Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føre til brann.
 
Ved overtredelse av aktsemdssplikta eller det generelle bålforbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.
 
Kan eg grille i eigen hage?
Dersom ein skal grille på område som er langt vekke frå skog og utmark, til dømes i hagar eller på tilrettelagde grill- og bålplassar i parkar, gjeld den alminnelege aktsemdsplikta. Dette innebere at du må vere forsiktig, ansvarsfull og bålet må vere heilt slokna før du forlet staden.
 
Dersom du brukar eingongsgrill, må du hugse å vurdere brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen blir det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller bli skada av varmen. Sett aldri grillen direkte på bakken.
 
Er det lov med bål på sankthans?
Du må søke brannvesenet i din kommune om å få løyve til å tenne opp sankthansbål. Brannvesenet vil i si vurdering mellom anna sjå på kor det blir søkt om å få tenne bål, brannfaren og verforholdene. Brannvesenet kan sette betingelsar for løyve. Den som søker om å få tenne bål må sjølvsagt også ha avklart med grunneigar at det kan bli tent bål.
 
Tips til trygg bålbrenning:
- Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
- Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.
- Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
- Bålet må vere i god avstand fra busetnad og vegetasjon.
- Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
- Bålet må ikke være større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov.
- Ha egna slokkemidler lett tilgjengeleg. 
- Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel.
- Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt slokt
På skogbrannindeksen til yr.no kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bor.
 
Sist endra 10.07.2018 08:33
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a