dinutvei.no – ein vegvisar ved vald og overgrep

barnevernillustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete

Nettportalen dinutvei.no gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøve vald og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å forebygge vald i nære relasjonar.

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramme mennesker uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva hjelp dei kan få eller  kor ein kan finne hjelp. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finner du også informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-tjneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøve vald og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å forebygge vald i nære relasjonar.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentre om vald og traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

 

Sist endra 17.02.2016 10:37