Kva skjer?

september 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456
Komande hendingar
   
Publisert 26.02.2019

Brev med informasjon om takst og skatt er sendt ut til alle skattytarar.
Skattelister med informasjon om takst og skatt for alle skattepliktige eigedomar er lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset fram til 28. mars.
Listene er òg tilgjengelege her:

Kommunestyret har vedteke at skattesatsen for 2019 skal vere 2 promille (dvs. inga endring frå 2018).

Eigedomsskatten vert fakturert i to terminar i året, med forfall 20. mai og 20. november.

Frist for å klage på eigedomsskatten er 12. april 2019.

Meir informasjon om eigedomsskatt

Publisert 02.03.2018

Kommunestyret har med heimel i eigedomskattelova § 8 C-1 vedteke at bustadverdien frå Skattetaten (også kalla formuegrunnlag i eigedomsskattelova) skal nyttast som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten for bustader. Det inneber at det for desse eigedomane ikkje er naudsynt å gjennomføre synfaring eller taksering.

NB: Bustadverdien frå Skattetaten er ikkje det same som likningsverdien som står i sjølvmeldinga.

Publisert 02.03.2018
Skattesetel_eigedomstype_klage

I følgje eigedomsskattelova § 19, kan skattytar klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klagen må framsetjast skriftleg innan 6 veker frå den dagen eigedomsskattelista vert utlagd.

Framgangsmåten for klage er ulik for ulike typer eigdom: For eigedomar der skatten er utrekna på grunnlag av boligverdi (formuegrunnlag), skal eventuell klage rettast til Skatteetaten.

For andre eigedomar skal eventuell klage rettast til Skodje kommune.

Publisert 03.09.2015

Skodje kommunestyre vedtok i møte 10. februar 2015 å oppnemne sakkunnig nemnd, jfr. Lov om eigedomskatt § 8 A-3 fjerde ledd.

Nemnda har desse medlemene:

  • Leiar: Kjell Haukeberg
  • Nestleiar: Ragnhild Stette
  • Medlem: Torbjørn Skodjereite

Protokoll frå møte i sakkunnig nemnd 18.03.2015 (PDF, 586 kB)

Protokoll frå møte i sakkunnig nemnd 04.06.2015 (PDF, 52 kB)

Protokoll frå møte i sakkunnig nemnd 06.08.2015 (PDF, 52 kB)

Publisert 19.03.2015

Skodje kommunestyre vedtok i møte 10. februar 2015 å oppnemne klagenemnd for eigedomsskatt, jfr. Lov om eigedomskatt § 20:

Nemnda har desse medlemene:

  • Leiar : Anita Ostnes
  • Nestleiar: Johan Honningdal
  • Medlem: Tone Fylling
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a