Kva skjer?

desember 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Komande hendingar
   

Bustader med bustadverdi frå Skatteetaten (formuegrunnlag)

Kommunestyret har med heimel i eigedomskattelova § 8 C-1 vedteke at bustadverdien frå Skattetaten (også kalla formuegrunnlag i eigedomsskattelova) skal nyttast som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten for bustader. Det inneber at det for desse eigedomane ikkje er naudsynt å gjennomføre synfaring eller taksering.

NB: Bustadverdien frå Skattetaten er ikkje det same som likningsverdien som står i sjølvmeldinga.

Bustadverdien er eit anslag på marknadsverdien til bustaden, og vert rekna ut frå areal, byggeår, type bustad, kvar eigedomen ligg, og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

 

Utrekning av eigedomsskatt

Likningsverdien for ein primærbustad utgjer normalt om lag 25 % av bustadverdien som Skatteetaten har fastsett. (Ein primærbustad er ein bustad ein eig og bur i sjølv.) For å finne bustadverdien må ein altså gange likningsverdien med 4 (sjå eksempel under).

For eigedomsskatteåret 2017 er det bustadverdiar for 2015 som skal nyttast. Kommunen får desse oversendt frå Skatteetaten.

Ved utrekning av eigedomsskatten skal bustadverdien reduserast med ein såkalt reduksjonsfaktor. Denne faktoren er fastsett av Finansdepartementet til 0,8 for 2017.

Kommunestyret avgjer nivået på eigedomsskatten. Satsen kan variere mellom 2 og 7 promille (altså 0,2 - 0,7 %) av skattegrunnlaget. Ved første gongs utskriving av eigedomsskatt er satsen alltid 2 promille. For skatteåret 2017 er skattesatsen 2 promille i Skodje kommune.

Kommunestyret har vedteke at det i 2017 ikkje skal vere botnfrådrag ved utrekning av eigedomsskatten.


Eksempel på utrekning av eigedomsskatt for eigedom som har fått bustadverdi frå Skatteetaten:

Likningsverdi i sjølvmeldinga for 2015: 600 000
Bustadverdi: 600 000 x 4 = 2 400 000
Reduksjonsfaktor: 2 400 000 x 0,8 = 1 920 000 (skattegrunnlag)
Eigedomsskatt: 1 920 000 x 0,002
 

Kalkulator for utrekning av eigedomsskatt for primærbustad med formuegrunnlag frå Skatteetaten (XLS, 20 kB)

(Rekneark i .xls-format)

Denne kalkulatoren kan du bruke for å rekne ut eigedomsskatten ut frå likningsverdien av bustaden. Likningsverdien finn du i sjølvmeldinga for 2015.

Merk at eksempelet og kalkulatoren er basert på hovudregelen for utrekning av bustadverdi for primærbustad. Skatteetaten sine tal vil kunne avvike frå dette.

Meir informasjon finn du på www.skatteetaten.no/bolig

Sist endra 02.03.2018 14:37
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a