Klage på eigedomsskatten

I følgje eigedomsskattelova § 19, kan skattytar klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klagen må framsetjast skriftleg innan 6 veker frå den dagen eigedomsskattelista vert utlagd.

Framgangsmåten for klage er ulik for ulike typer eigdom: For eigedomar der skatten er utrekna på grunnlag av boligverdi (formuegrunnlag), skal eventuell klage rettast til Skatteetaten.

For andre eigedomar skal eventuell klage rettast til Skodje kommune.

Fakturaen skal betalast sjølv om du har klaga på eigedomsskatten. Dersom du får medhald i klagen, vil du få tilbakebetalt det du eventuelt har betalt for mykje.

Klage på bustadopplysningar eller bustadverdi frå Skatteetaten

Dersom eigedomen er oppført med eigedomstype "Formuesgrunnlag Bolig" på skattesetelen, skal eventuelle klager rettast til Skatteetaten.

Skattesetel_eigedomstype_klage - Klikk for stort bilete

Dersom du meiner at bustadverdien frå Skatteetaten er feil, må du først kontrollere opplysningane som Skatteetaten har om bustaden (areal, byggjeår, bustadtype). Desse opplysningane finn du under "Grunnlag for likningsverdi" på side 2 i sjølvmeldinga for 2015. Likningsverdien utgjer 25 % av bustadverdien for primærbustad.

Dersom areal, byggjeår eller bustadtype er feil, kan du sende ein klage til Skatteetaten.

Dersom bustadopplysningane (areal, byggjeår etc.) er korrekte, men du meiner at bustadverdien er feil, kan du klage på bustadverdien. Meir informasjon om dette på Skatteetaten sine nettsider.

 

Klager som gjeld eigedomar som ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten

Dersom eigedomen er oppført med ein annan eigedomstype enn "Formuesgrunnlag Bolig" på skattesetelen, skal eventuell klage rettast til Skodje kommune.

Klagen skal vere skriftleg, og skal innehalde ei grunngjeving for kvifor du meiner at den fastsette taksten er feil.

Klagen skal sendast til

Skodje kommune
Rådhuset
6260  SKODJE

Eller på e-post til postmottak@skodje.kommune.no.

Hugs å oppgi gards- og bruksnummeret til eigedomen.

Alle klager vil verte handsama etter at klagefristen er ute.

Sist endra 02.03.2018 14.37