Kva skjer?

mai 2017
tyontofrla
24252627282930
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Komande hendingar
   

Eksamen i grunnskulen

eksamen.jpg - Klikk for stort bilete Fredag morgon fekk avgangselevar over heile landet vite kva fag dei kjem opp i på skriftleg eksamen. Ved Skodje ungdomsskule vart dei to tiandeklassene trekt ut til å ha eksamen i høvesvis engelsk og matematikk. 

Eksamen i matematikk går føre seg tysdag 16.mai, medan eksamen i engelsk skal gjennomførast fredag 19.mai. Kultursalen i Gomerhuset fungerer som eksamenslokale for ungdomsskulen. 

Vi ønskjer elevane lukke til med eksamen!

Nokre fakta om eksamen

Alle elevane i grunnskulen kjem opp til ein skriftleg og ein munnleg eksamen om våren i 10.klasse. Faga dei kan kome opp i skriftleg er anten norsk, engelsk eller matematikk. Skriftleg eksamen er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet og varer i 5 timar. Eksamenssvara vert sensurert av to eksterne sensorar som vert einige om endeleg karakter under fellessensuren 14.-16.juni. Skriftleg eksamen har 10 dagars klagerett.

Munnleg eksamen vert utarbeidt lokalt av faglærar, som også er eksaminator. Ein ekstern sensor er til stades under prøva og set karakter i samarbeid med faglærar. Munnleg eksamen har førebuingstid, der elevane får vite faget 48 timar før prøva og oppgåva 24 timar før prøva, som er på 30 minutt. Munnleg eksamen har berre klagerett på formelle feil ved den praktiske gjennomføringa av eksamen.

Munnleg eksamen ved Skodje ungdomsskule vert avvikla 16.juni.

Karakterane på eksamen tel på line med standpunktkarakterane ved utrekning av karaktersnitt og grunnskulepoeng.

Les meir om eksamen i grunnskulen på Utanningsdirektoratet sine sider. 

Sist endra 14.05.2017 22:27
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri